Søknad om midlar til landbruksutvikling i Vestland i haust

Utgreiings- og tilretteleggingsmidlane (UTM) skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av tradisjonelt og økologisk landbruk og utvikling av andre landbruksbaserte næringar, som gardsmat, reiseliv og Inn på Tunet (IPT). 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.08.2019

Fylkesmannen i Vestland lyser ut etter utgreiing- og tilretteleggingstiltak innan landbruk og landbruksbaserte næringar for resten av 2019, med søknadsfrist 1. oktober.

Frå 2020 vil ansvaret for UTM vera overført til nye Vestland fylkeskommune.

Haustrunden er ein restrunde med avgrensa midlar til rådvelde. I hovudrunden i vår vart det løyvd om lag 5,8 mill. kroner av årsløyvinga på 6,7 mill, etter søknader om totalt 12,3 mill. kroner Med tillegg for inndregne midlar frå gamle prosjekt, har vi nærare 2 mill. til rådvelde for haustrunden av UTM.

Elektronisk søknadsskjema i høgremargen, søknadsfrist 1. oktober.

Prioriteringar

Fylkesmannen vurderer UTM-søknadar i lys av Regionalt næringsprogram for landbruket i Vestland (RNP), og på grunnlag av dialog med Innovasjon Noreg og landbruket sine organisasjonar. Det er utarbeidd ny RNP for 2019-2022, med delmål som ma. femner:

Positivt omdømme og auka rekruttering til landbruket
Synleggjering av fagutdanning og moglegheiter, dyrevelferd, klima- og miljøinnsats og landbruksteknologi/FoU, bidrag til rådgjeving/møteplassar, urbant landbruk, landbruksretta entreprenørskap

Marknadstilpassa auke i volum og omsetningsverdi av frukt, bær og grønt
Mobilisering og kompetanse for auke i planting, avling, omsetnad, økologisk, nye produksjonssystem, særskilte kvalitetar/sortar/sesong, lokale/regionale verdikjedar og styrking av miljø innan grønsaker og potet

Auka grovfôrproduksjon tilpassa eit endra klima
Avlingsauke, fôr- og jordkvalitet, beitebruk, teknologiutvikling, rådgjeving og energiproduksjon

Eit moderne driftsapparat og god kvotefylling i mjølkeproduksjonen
Mobilisering til fornying av driftsapparatet, også på mindre bruk, ny teknologi og god dyrevelferd/dyrehelse

Marknadstilpassa utvikling av kjøtproduksjonen med moderne produksjonsapparat og driftsopplegg
Mobilisering til marknadstilpassa produksjonsauke på storfekjøt, utvikling i sauehaldet, god dyrevelferd/dyrehelse og auka produksjon og omsetnad av økologisk kjøt

Auka tilbod og lønsemd innan IPT
Prioriterer tilbod innan områda demens, skule, og psykiatri/rus, kompetansebygging hjå kjøpargrupper, nettverks- og kompetansearbeid mellom anna innan entreprenørskap, bedriftsleiing og marknad

Auka lønsemd og mangfald i lokal mat, drikke og landbruksbasert reiseliv
Mobilisering til rekruttering, etablering og samarbeid i ulike produksjonar, utvikling av distribusjonssystem, fremjing av lokal mat og drikke i serveringsverksemder, samarbeid med festivalar og salskanalar, økologisk mat, mat som identitetsbyggar/lokal matkultur, oppfølging av nasjonale og internasjonale arrangement, utvikling av landbruksbasert reiseliv og auka kompetanse i entreprenørskap, bedriftsleiing og marknad

Kven og kva kan det søkast om

Aktuelle søkjarar er ofte organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan/nettverk, hovudsakleg innan landbruket, men einskildbruk og bedrifter kan også søke tiltak av ålmenn nytte for næringa.

Høgast prioritet har gjerne større, regionale mobiliseringssatsingar, men også mindre lokale/regionale initiativ er særs velkomne. Innan landbruksrelatert næring (tilleggsnæringar) er nettverkssamarbeid med kommersielle mål viktige, samt tiltak som koplar landbruksprodusentar og kundegrupper. Forskings- og teknologiutviklingsprosjekt bør ha rask næringseffekt for å verte prioriterte.

Ta gjerne kontakt med oss for dialog eller rettleiing rundt søknadar!

Anna landbruksstøtte

Samfinansiering mellom fleire offentlege aktørar har vore meir vanleg i Hordaland enn i Sogn og Fjordane. Dersom det blir søkt finansiering fleire stader må det gå fram av søknaden og budsjettet. Søknader om reine bedriftsutviklingstiltak skal rettast til Innovasjon Noreg. Den regionale partnarskapen kommuniserer seg imellom om slike tiltak, for å oppnå synergieffektar og unngå dobbeltfinansiering.

Midlar til investerings- og bedriftsutvikling (IBU) er bedriftsretta midlar til bruksutbygging og -utvikling, som gardbrukarar kan søke hjå Innovasjon Noreg.

Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Hordaland (RULL) og Sogn og Fjordane skal medverke til rekrutterings- og kompetansehevingstiltak i landbruket, som og styrker verdiskapinga. Ordninga vert forvalta av Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ei viss samfinansiering kan vere aktuelt der slike tiltak heng tett saman med næringsutviklingsaspektet. Det er tett dialog mellom fylkeskommunen og Fylkesmannen i desse sakene. Søknadsfrist for haustrunden av RULL (Hordaland) er 15. april/oktober, og 15. april også i Sogn og Fjordane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.