Gratis webinar: Fangdammar - effektive oppsamlarar av jord og næringsstoff
Norsk Landbruksrådgiving (NLR) inviterer til webinar om fangdammar og potensialet for nytte i landbruket.
Webinaret er den 20. august kl. 12.00 - 13.00 på teams. Lenke til webinaret finn her.
Fangdammar er konstruerte anlegg med våtmark for vassforbetring i vatn og vassdrag, også kalla reinseparkar. Reinsefunksjonen er basert på oppdemming, sedimentering og næringsopptak via vassplanter. Oppgåva til anlegga er erosjonsdemping, betre vasskvalitet og ikkje minst auka biologisk mangfald og naturverdi i vassførekomsten.
Fangdammar er effektive oppsamlarar av jord og næringsstoff. Kan fangdammar være eit av jordbrukets svar på aukande fokus på vasskvalitet og stadig auka miljøkrav?
Steinar Velten (NLR) har opparbeidd seg solid kompetanse på området, og i webinaret vil han snakke om følgande tema:
- Kva problem skal dammen løyse?
- Korleis konstruere dammar etter oppgåvene?
- Kva omsyn må ivaretakast i planlegging og gjennomføring?
- Verknadsgrad på dammen
- Vedlikehaldskostnader
Webinaret er ope for alle, og krev ingen påmelding.
Kontaktpersonar
-
Øyvind Masdal
Tlf: 57 64 30 22