SMIL og etablering av kantvegetasjon
Landbruket i Vestland har lenge vore kjent for opne landskap og barberte elvekantar, og dette har lenge vore sett på som eit ideal. Men er dette eigentleg bra for livet i elva?
I dei seinare åra har det vore aukande merksemd omkring naturmangfald og reduksjon i avrenning frå landbruksareala. I Vestland er det mange vassførekomstar som ikkje oppnår miljømåla i vassforvaltningsplanen, og i fleire område har det kome forslag på tiltak som kan gjennomførast.
Nytt ideal
Eit avbøtande tiltak, som ein kan få god støtte til, er å etablere kantvegetasjon med buskar og tre. Dei mest aktuelle områda for eit slikt tiltak er elvestrekningar som er utsett for erosjon, og der rotsystemet til buskar og kratt vil armere kantane. Dette er eit godt alternativ til steinsetting av elvekanten. Buskar og tre kan også kombinerast med steinsetting, noko som må vurderast når eit tiltak vert planlagt.
Statsforvaltaren i Vestland besøkte nokre av kommunane i vårt langstrakte fylke i sommar. Eit av stoppa var i Kvinnherad kommune, der vi mellom anna såg på gjødselbruk, avstand til vassdrag i jordbruksdrift og kantvegetasjon. Langs eit strekke av Storelva på 1,2 km er det i overkant av 900 dekar med fulldyrka jord som er drenert mot den aktuelle elva. I tillegg til ein godt etablert kantvegetasjon langs store deler av elva, er også det meste av areala gjødsla med nedleggingsutstyr og tilførselslange, som er ein del av regionalt miljøprogram for Vestland.
Kan eg søkje om økonomisk støtte?
Grunneigar eller drivar kan få tilskot gjennom SMIL-ordninga (spesielle miljøtiltak i jordbruket) til planlegging og etablering av permanent kantsone, om dette er eit tiltak for å forbetre vassmiljøet. Gjennom god planlegging kan vi kome fram til løysningar som reduserer ulempene for landbruksdrifta. Det er viktig å ha landbruksdrifta i tankane heile tida, ved planlegging og gjennomføring av eit slikt tiltak. Ein vanleg måte å drenere på er at det ligg dreneringsrøyr frå landbruksjorda og ut i elva. Då er det fare for at planterøtene veks inn drensrøyra og tettar dei. Det er derfor viktig med røyr utan opningar gjennom kantvegetasjonen.
Du kan lese meir om kantvegetasjon langs vassdrag gjennom denne lenkja
Kontaktpersonar
-
Martin Søgnen
Tlf: 57 64 30 79