Spesielle miljøtiltak i landbruket

Solblom er ein trua og sjeldan plante, som krev ekstra omsyn ved beiting.
Solblom er ein trua og sjeldan plante, som krev ekstra omsyn ved beiting.. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal motivere bønder til å gjere eit ekstra arbeid for å ta vare på verdiane i kulturlandskapet og redusere forureining frå jordbruket.  

Du kan søkje om tilskot til miljøtiltak som krev innsats og kostnadar utover det som er forventa i vanleg jordbruksdrift. Du må eige eller leige ein landbrukseigedom der det går føre seg jordbruksproduksjon med tilskotsrett. Dersom du leiger, må du ha godkjenning frå eigaren.

Døme på tiltak i ordninga er utbetring av hydrotekniske anlegg for å redusere forureining, tilrettelegging for opplevingar og friluftsliv, samt sikring av biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø. Du kan også søkje om midlar til planleggings- og tilretteleggingsprosjekt.

Kommunen er sakshandsamar for søknadane og fastset søknadsfrist og lokale retningslinjer for prioritering av midlane. Statsforvaltaren er klageinstans. 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 02.02.2022

SMIL-midlar til klima- og forureiningstiltak

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) kan nyttast til å betre vassmiljøet og samstundes gjere garden rusta for eit endra klima.


Publisert 29.09.2020

Endring i SMIL-forskrift

Forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket er endra, slik at det ikkje lenger er krav om å ha eit føretak for å kunne få SMIL-tilskot.