Høyringssvar om ny gjødselbrukforskrift

Skog, grøn traktor, gjødselspreiing med slange.
God handtering av husdyrgjødsel krev stor innsats med dei tilhøva vi har i Vestland. Foto: Altifilm - Landbrukskontoret i Alver.

Forslag til ny forskrift om lagring og bruk av gjødsel har vore på høyring. Statsforvaltaren i Vestland meiner at forslaget er fagleg godt, men at det vil vere krevjande å gjennomføre for landbruket i Vestland.

Publisert 21.06.2024

Høyringsutkastet er positivt for å redusere avrenning til vassmiljø, utslepp til luft og for å ta betre vare på fosfor som avgrensa ressurs for den langsiktige matproduksjonen i verda. Men landbruket i Vestland treng meir tid for tilpassing til nytt regelverk.

Blant dei viktigaste innspela frå Statsforvaltaren:

  • Endringane krev utvida lagerkapasitet for husdyrgjødsel, truleg i stort omfang.

  • Vi støttar hovudprinsippet om betre balanse mellom gjødsling og avling når det gjeld fosfor. Dei føreslegne fosforgrensene er eit godt kompromiss.

  • Det er behov for ytterlegare innrettingar for å unngå at fosfor frå havbruksnæringa blir tilført landbruksjorda i Vestland, der det ikkje er behov for meir fosfor. Det er viktig å få på plass omsettingskrav for resirkulert fosfor så raskt som mogleg.

  • Det er behov for ressursar og gode verktøy til kommunane, både for å godkjenne spreieareal og for å føre tilsyn med at husdyrgjødsel blir brukt på store nok areal. Det blir behov for auka tilsyn for å handheve eit innskjerpa regelverk.

  • Vi meiner at kommunane framleis skal ha ansvar for dispensasjon for spreietidspunkt. Samstundes støttar vi endringa med at Statsforvaltaren får ansvar for å gje lokale forskrifter med innskjerpa krav, og ansvar for dispensasjonar frå dei generelle krava i forskrifta.

  • Vi ber om meir tid for tilpassing til nytt regelverk. Dette gjeld forslaga om endra spreietidspunkt til før 1. september, at kommunen må godkjenne alt innmarksbeite for spreiing av både mineralgjødsel og husdyrgjødsel, og nye øvre grenser for spreiing av fosfor.

  • Mange føretak må gjere store investeringar i lausdriftsfjøs. Utviding av gjødsellager vil kome i tillegg og kan gje store økonomiske utfordringar for landbruket i Vestland fylke der bruka er høvesvis små.

Sjå høyringssvaret frå Statsforvaltaren og tilhøyrande fagnotat frå landbruksavdelinga og miljøavdelinga. Her er meir detaljerte og grunngjevne endringsforslag og kommentar til dei einskilde paragrafane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.