Fordeling av klima- og miljømidlar for 2022

Midlane til fylkesvise prosjekt i Vestland frå Klima- og miljøprogrammet er fordelte for 2022. Prosjekt som styrkar kunnskapsgrunnlaget om klimavennleg driftspraksis vart prioriterte.

Publisert 18.05.2022

Statsforvaltararen tildeler kvart år midlar til praktisk retta utgreiings- og informasjonsprosjekt som fører til auka kunnskap om utfordringar og tiltak innan:

* klimatilpassing
* klimagassutslepp
* jord
* naturmangfald og kulturminne i kulturlandskapet
* forureining til vatn, jord og luft

Prosjekta skal medverke til god kunnskapsoverføring frå forsking til praktisk jordbruk og gje oppdatert rådgiving til næringa.

I år fekk vi 7 søknadar med eit samla søknadsbeløp på 1,3 mill. kroner. Av desse vart fem søknadar prioriterte for tilskot. Tilskota ligg i spennet mellom 30 000 og 400 00 kroner, og utgjer til saman 801 000 kroner.

Desse prosjekta har fått støtte:

Prosjekt Søkar
Skilting i det freda kulturmiljøet Havrå Stiftinga museumssenteret i Hordaland
Beste klimapraksis sau 2022 - 2023 NLR Vest
Potensiale i bruk av seksjonskontroll på mineralgjødselspreiar i Vestlandslandbruket NLR Vest
Kurs i Holistic Management/regenerativt landbruk i Vestland fylke NLR Vest
Karbonlagring i eng ved ulik drift og gjødsling NIBIO Fureneset

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.