Miljøtiltak

Oppdatert 04.02.2025

Miljøverkemidlane i jordbruket skal bidra mest mogleg miljøvenleg matproduksjon. Bønder som oppfyller visse miljøkrav, får rett til fullt produksjonstilskot. Dei kan også søkje om tilskot frå regionalt miljøprogram og ordningane for spesielle miljøtiltak i jordbruket og drenering av jordbruksjord.

Statsforvaltaren har ansvar for å utarbeide og gjennomføre eit regionalt miljøprogram for landbruket (RMP) basert på det nasjonale miljøprogrammet. Miljøprogramma skal medverke til å gjere miljøarbeidet i landbruket meir målretta og å synleggjere den samla miljøinnsatsen i landbruket. Regionalt miljøprogram skal rettast inn mot enkelte regionale utfordringar.

Kulturlandskapet er ein viktig del av kulturarven

Det er ei viktig oppgåve i norsk landbruk å ta vare på kulturlandskapet i jordbruket, som utgjer ein viktig del av kulturarven vår. I moderne tid har kulturlandskapet endra seg svært mykje på grunn av nye driftsformer og omdisponering av jordbruksareal. Ei rekkje plantar, insekt og andre organismar som har gamal kulturmark som levestad, er i ferd med å bli sjeldne eller borte for alltid. Gamle ferdselsårer, kulturminne, eldre tekniske anlegg og bevaringsverdige bygningar gror igjen og forfell. Gamle husdyrrasar og tradisjonelle plantesortar utgjer viktige genressursar som no står i fare for å forsvinne.

For å ta vare på miljøverdiane i kulturlandskapet er det nødvendig å halde fram med tradisjonell drift eller setje i gang skjøtsels- og restaureringstiltak. Regionalt miljøprogram medverkar til dette, saman med tilskota som går til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Statsforvaltaren skal også motivere kommunane til å ta vare på jordbruksareal med verdifullt kulturlandskap. Enkelte nasjonalt utvalde kulturlandskap i jordbruket får spesiell oppfølging gjennom langsiktige skjøtselsavtalar og samarbeid mellom involverte grunneigarar, brukarar, kommunar og landbruks-, miljø- og kulturminnemyndigheitene på fylkesnivå.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 27.03.2025

Webinar om godkjenning av innmarksbeite som spreieareal

Om du ikkje fekk dette med deg, kan du sjå opptak av webinaret her.


Publisert 20.03.2025

Godkjenning av innmarksbeite som spreieareal

Statsforvaltaren i Vestland har laga ny rettleiar om godkjenning av innmarksbeite som spreieareal.


Publisert 20.03.2025

Nye krav til bruk av gjødsel

Det nye gjødselregelverket gjeld frå 1. februar 2025. For bonden er dette ei innstramming i bruk av gjødsel. Her går vi inn på nye krav som gjeld i Vestland frå 2025.


Publisert 11.03.2025

Webinar om ny gjødselbrukforskrift

Statsforvaltaren heldt digitalt informasjonsmøte om forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv. fredag 7. mars.


Publisert 10.02.2025

Midlar til regionale klima- og miljøtiltak 2025

Fag- og næringsorganisasjonar, kommunar og forskings- og utgreiingsinstitusjonar kan søkje om støtte til praktisk retta utgreiings- og informasjonsprosjekt som fører til auka kunnskap om meir miljøvenleg matproduksjon tilpassa eit endra klima. Søknadsfristen er 15. mars 2025.


Publisert 03.02.2025

Nytt gjødselregelverk er fastsett

Regjeringa fastsette nytt gjødselregelverk på fredag. Det nye regelverket består av to nye forskrifter. Gjødselbrukforskrifta gjeld mellom anna lagring og bruk av husdyrgjødsel, biorest, mineralgjødsel mm. Gjødselvareforskrifta gjeld produksjon og omsetting av gjødselvarer.  


Publisert 17.01.2025, Sist endra 25.02.2025

Kven fortener kulturlandskapsprisen for Vestland?

Prisen skal heidre nokon som har gjort ein ekstra innsats med å ta vare på og utvikle kulturlandskapet.


Publisert 06.03.2024

Biorest kan gje auka forureining frå landbruket

I Vestland er det store planar for produksjon av biogass, og industriaktørane ønskjer å bruke bioresten som gjødsel på landbruksareala. Høgt næringsinnhald i jorda kan setje ein stoppar for dette.


Publisert 08.02.2024

Midlar til regionale klima- og miljøtiltak 2024

Forskings- og utgreiingsinstitusjonar, fag- og næringsorganisasjonar kan søkje om støtte til praktisk retta utgreiings- og informasjonsprosjekt som fører til auka kunnskap om meir miljøvenleg matproduksjon tilpassa eit endra klima. Søknadsfristen er 15. mars 2024


Publisert 15.06.2023

Tildeling av midlar frå klima og miljøprogrammet 2023

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitikken sine mål innan klima og miljø.