Eigar sitt ansvar for drift av jordbruksareal
Er du eigar av jordbruksareal som ikkje er i drift? Leiger du ut jorda di, men utan skrifteleg avtale? Då må du som eigar ordne opp slik at dette kjem i lovlege former. Vintermånadene er tida for å legge ein plan og inngå avtalar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Arealstatistikk for 2021 viser at i Vestland kan nær 21 % av jordbruksareala vere ute av drift. Det vil seie vel 215 000 dekar. Nesten halvparten av dette er maskinelt haustbart jordbruksareal, resten er innmarksbeite.
Eigar har forvaltaransvar
Jordbruksareala våre skal brukast til beste for heile samfunnet, og på ein måte som sikrar ressursane for framtida. Alle som eig jordbruksareal har difor eit viktig forvaltaransvar. Reglane som gjeld driveplikta finn du i jordlova § 8 og i § 8 a. Matsikkerheit og auka norsk sjølvforsyningsgrad krev at vi brukar dei lokale jord- og beiteressursane. Difor vil driveplikt på jordbruksareal få auka merksemd i tida som kjem, både nasjonalt og lokalt i den enkelte kommune.
Landbruksføretaka treng langsiktige avtalar
Statistikken viser at om lag 50 % av jorda som er i drift er leigejord. Alle som leiger bort jord skal ha ein skriftleg avtale på dette. Normalt er avtalen på 10 år. Skal den enkelte gardbrukar få stabile og gode driftstilhøve, slik at det er mogeleg å investere i eige føretak, er trygge og langsiktige leigeavtaler heilt avgjerande. Å kunne bruke areal over tid, er viktig også for dei som ynskjer å drive med jord- og hagebruksproduksjon i mindre skala. Driveplikta gjeld uavhengig av storleiken på arealet. Ved langsiktige leigeavtaler må eigar og leigar avklare korleis areal skal nyttast og kva ansvar partane har.
Sjå lenker til utfyllande informasjon om driveplikta:
Statsforvaltaren i Vestland
Landbruksdirektoratet
Bondeboka
Landbruksforvaltinga i kommunane gjev også informasjon om reglane som gjeld.