Deilig er jorden
«Tider skal komme, tider skal henrulle.»
Men jorda vil stadig vere grunnlaget for mat og liv.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Naturen brukar om lag 1000 år på å lage eit par centimeter jord. Halvparten av artane på kloden lever i jorda. I ei teskei jord er det fleire organismar enn det er menneske på jorda. Likevel byggjer vi ned jord lagt raskare enn naturen klarar å produsere den.
Jorda som substans og som areal har mange viktige funksjonar. Vi tenkjer ofte kun på jorda som grunnlag for jordbruksproduksjon og som byggegrunn. Men jorda har mange økosystemfunksjonar og -tenester:
- Vannreinsing
- Regulering av flaum
- Klimaregulering
- Karbonopptak og lagring
- Næringskretsløp
- Habitat for organismar
- Medisinar og genressursar
- Kulturverdiar og kulturminne
- Byggjematerialar
- Byggegrunn for infrastruktur
- Produksjon av mat, fiber og energi
Det er heilt avgjerande at både jordhelsa og areala vert tatt vare på. Ei jord med god helse er rik på biologisk aktivitet, infiltrerer vatn godt, har høgt innhald av oksygen og har god struktur. Ei slik jord er god å vekse i for plantene. I tillegg må areala vere store nok og samanhengane nok til at økosystemet jorda kan fungere godt.
Fordi vi ikkje veit kva behov menneska i ein kommune eller region vil ha i framtida, er det viktig å ta vare på jorda og alle eigenskapane deira. Å ta vare på jorda er heilt grunnleggjande i eit framtidsretta utvikling.