Bandtvang og haldningsskapande arbeid

Sauer i fjellet som blir sanka med hund
Mange kommunar har utvida bandtvang, særleg der dyr går på beite. Hunden skal vere i band, med mindre han er i jobb (til dømes gjetarhund). Foto: Mary Ueland / SFVL.

Informasjonskampanjen om laushund og bandtvang syner at det er behov for mykje haldningsskapande informasjonsarbeid. Forståing er eit viktig stikkord.

Publisert 11.10.2024

I sommar har vi hatt ein informasjonskampanje om laushund og bandtvang saman med Vest Politidistrikt, fordi beitenæringa er fortvila over ei negativ utvikling i skadar på småfe over fleire år. Målet med kampanjen var å spreie informasjon ut til alle som rører seg i utmarka, både beitebrukarar og turgåarar, med og utan hund.

Vi har fått mykje respons på kampanjen. Natur- og friluftsorganisasjonar i fylket delte plakat og tekst i sosiale media, NRK Vestland har skrive artiklar og hatt innslag i radio og Vestlandsrevyen, og lokalaviser har skrive om konkrete hendingar i løpet av beitesesongen. Informasjonen har nådd ut til mange, men likevel er det beitebrukarar som har sagt at problemet aldri har vore så stort som i år. Politiet har også fått mange meldingar frå publikum om hundar som går lause.

Landbruket har ein viktig jobb framfor seg med folkeopplysning og haldningsskapande arbeid. Det vert færre bønder og folk med tilknyting til landbruk, og det syner att i konfliktar. Det gjeld for mange tema, og oppførsel rundt beitedyr er berre eitt av dei. Vi ser det som viktig å ikkje berre presisere reglar og forbod, men bruke tid til å skape forståing for kvifor det er viktig å vise omsyn.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.