Opptak av webinar om klimatilpassing

Rundballer i vatn på ein bø etter flom
Illustrasjonsfoto. Foto: Silje Lunden Gotehus.

Her kan du sjå optak frå webinaret "Kva kan eg gjere for å tilpasse drifta mi til det nye klimaet?". Innleiarar er Arne Bardalen, Synnøve Rivedal og Manuel Hempel.

Publisert 09.12.2024

Klima Vest og Statsforvaltaren i Vestland inviterte til eit webinar om klimatilpassing.

Arne Bardalen frå NIBIO (no pensjonist) snakka om klimatilpassing og klimamistilpassing og mattryggleik. Manuel Hempel frå Climate Futures/Norce Resesearch hadde eit innlegg om korleis klimaet har endra seg og kva vi kan vente oss i tida framover. I siste del av webinaret snakka Synnøve Rivedal frå NIBIO om klimatilpassing i vestlandsjordbruket.  

Neste webinar om klimatilpassing kjem i januar. Vi vil følgje opp med fleire konkrete tilpassingstiltak ein kan gjere på garden. 

Her kan du sjå opptak av webinaret.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.