Livsmeistring for barn og unge

Dato:
11. juni 2025 09:00 - 14:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
alle som jobbar med barn og unge
Påmeldingsfrist:
9. juni 2025 23:59

Vi inviterer til digital samling om korleis vi skapar gode livsvilkår og fremjar livsmeistring i kvardagen for barn og unge.

Publisert 10.04.2025

Vi kjem også inn på korleis vi legg til rette for gode arenaer for samskaping – både i direkte kontakt med barn og unge og gjennom korleis vi vaksne samarbeider.
 
Samlinga vil vere aktuell for dei som møter barn og unge i arbeidskvardagen sin og dei som jobbar med samfunnsutvikling.
 
På samlinga får du høyre meir om:
  • Korleis involvere barn og unge i samfunnsplanlegginga, rolla til barnerepresentanten i kommunane og kvifor og korleis tenestene bør kople seg på det overordna strategiarbeidet
  • ABC for god psykisk helse – om metoden og korleis vi gjer det i Vestland
  • Prosjekt om godt læringsmiljø, med rektor og elevar frå Nygårdslien skole i Bergen 
  • Livsmeistring – Robuste barn og unge, tiltak for å fremje befolkninga si psykiske helse og livskvalitet, og eit godt rusførebyggjande arbeid med barn og unge som prioritert målgruppe
Program blir lagt ut her når det er klart.
 
Ved å melde deg på samlinga samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet. Les meir om personvern og nettryggleik under "Dokument".  

Påmeldingsskjema

Dato:
11. juni 2025 09:00 - 14:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
alle som jobbar med barn og unge
Påmeldingsfrist:
9. juni 2025 23:59