Kurs i akuttmedisin Helse Førde

Dato:
5. mars 2025 08:30 - 6. mars 2025 15:30
Stad:
Helse Førde, auditoriet 2. etg.
Arrangør:
Helse Førde
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i gamle Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
2. mars 2025 23:59

Kurset er for LIS1 som skal ut i kommunehelsetenesta i mars 2025, og er ei blanding av teori og praksis.

Publisert 21.01.2025

Påmelding og informasjon finn du i Læringsportalen til Helse Førde.

Registrer ny brukar med ekstern profil

Om du har intern tilgang til Helse Førde sin Læringsportal frå tidlegare, må du ikkje melda deg på kurset via denne tilgangen. Tilgangen blir stengt ved kurstidspunktet, og du vil derfor ikkje få viktig informasjon og dokumentasjon for gjennomføring av kurset. Registrer deg på ny med ekstern profil (sjå rettleiing), men skriv berre inn fødselsdato (ikkje heile fødselsnummeret). Systemet godtek ikkje to profilar som viser til same fødselsnummer.

Som tilsett i kommunehelsetenesta må du velja kommunesektor Sogn og Fjordane under «organisasjon» for å få tilgang til rett kurs. Kurset finn du i kurskatalogen. Utfyllande informasjon om kurset og korleis du loggar på læringsportalen finn du på Helse Førde si heimside

Obligatorisk forkurs

Alle må gjennomføra eit obligatorisk nettbasert forkurs utarbeida av Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin før oppmøte. Lenka til kurset ligg under "kursets målbeskrivelse" i Læringsportalen til  Helse Førde. 

Overnatting og reiseutgifter

Kursansvarleg, Helse Førde, reserverar hotellrom og tek kontakt i forkant av kurset. Statsforvaltaren dekkjer kursavgift og overnatting ved behov. Statsforvaltaren dekkar overnatting mellom kursdagane til dei med meir enn ein time reiseveg. Du må sjølv legga ut for dette, og skriva det på reiserekninga. Dekking av overnatting dagen før kursstart må avklarast med Statsforvaltaren. Det vert ikkje gitt nattillegg eller kostgodtgjersle. Reiseutgifter vert dekka etter billegaste reisemåte. 

Reiserekninga skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland, sjå meir i reiser til eksterne - informasjon til eksterne.

Dato:
5. mars 2025 08:30 - 6. mars 2025 15:30
Stad:
Helse Førde, auditoriet 2. etg.
Arrangør:
Helse Førde
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta i gamle Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
2. mars 2025 23:59