Webinar om landbrukseigedommar i dødsbu

Dato:
28. november 2024 10:00 - 11:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i landbruksforvaltninga eller andre i kommunane

Statsforvaltaren i Vestland inviterer tilsette i kommunane til webinar om arvelova § 99 a.

Publisert 31.10.2024

I ein del dødsbu inngår det landbrukseigedommar. Arvelova § 99 a set ein frist på tre år for å overføre eigedommen frå dødsbuet til ny eigar med tinglyst heimel. Arvelova § 99 a blei sett i kraft frå 1. januar 2022.

For landbrukseigedommar som inngjekk i dødsbu før 1. januar 2022, vil fristen gå ut 1. januar 2025. Vi har alt fått fleire spørsmål knytt til praktiseringa av arvelova § 99 a, og ynskjer derfor å

Føremålet med webinaret er først og fremst å fange opp felles spørsmål og problemstillingar. Det kan og vere grunnlag for erfaringsdeling, sjølv om fristen enno ikkje er ute. Spørsmål vi ikkje finn svar på i webinaret, får vi freiste å summere opp etterpå.

Tema for webinaret er:

  • Ein kort repetisjon av reglane og kommunane og statsforvaltaren sine oppgåver.
  • Kort om kva rettskjelder og rettleiingar som finst.

Felles runde om aktuelle spørsmål og problemstillingar knytt til praktiseringa § 99 a.

Vi sender lenka til webinaret dagen før.

Dato:
28. november 2024 10:00 - 11:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i landbruksforvaltninga eller andre i kommunane