Fagsamling om bruk av tvang mot personar med utviklingshemming etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9

Dato:
17. oktober 2024 11:30 - 18. oktober 2024 13:00
Stad:
DNB Auditoriet, Solheimsgaten 7c, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, i Hordaland og Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
23. august 2024 23:59

Statsforvaltaren i Vestland inviterer overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 i kommunane til fagsamling. 

Publisert 04.06.2024

Tema for dagen er mellom anna rolla som overordna fagleg ansvarleg, saksbehandling etter reglane i kapittel 9 og Statsforvaltarens erfaringar frå tilsyn og saksbehandling.

Vi minner om at samlinga berre er for dei med overordna fagleg ansvar for kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova. For Bergen kommune er samlinga for etatsdirektør og einingsleiarar med overordna fagleg ansvar for kapittel 9.

Send inn aktuelle tema og problemstillingar

Det vert sett av tid til erfaringsutveksling, spørsmål og drøftingar. Vi inviterer kommunane til å senda inn tema eller problemstillingar de ønskjer å ta opp. Har du problemstillingar du ønskjer å ta opp på samlinga, send dei på e-post til Ørjan Moldestad, som de finn under «Kontaktpersonar», innan 1. oktober.

Praktisk informasjon

Det blir servert lunsj, kaffi og frukt på møtet. For deltakarar med lang reiseveg, dekker vi overnatting frå 17.-18. oktober på Hotel Zander K (Zander Kaaes gate 8). Det tek cirka 30 minutt å gå frå hotellet til DNB Auditorium. Det går også kollektivtransport. 

Samlinga er gratis, men påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje møter, og ikkje har gitt beskjed,  vert du fakturert for dagpakke og eventuelle overnattingskostnader.

Ved å melda deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med hotellet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».

Påmeldingsskjema

Treng du overnatting frå 17. til 18. oktober
Dato:
17. oktober 2024 11:30 - 18. oktober 2024 13:00
Stad:
DNB Auditoriet, Solheimsgaten 7c, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Overordna fagleg ansvarlege for helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, i Hordaland og Sogn og Fjordane
Påmeldingsfrist:
23. august 2024 23:59