Fagdag for læringsnettverket for barnevernstenestene

Dato:
16. oktober 2024 09:00 - 14:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med RKBU Vest, NUBU og KORUS
Målgruppe:
Alle som sit i prosjektgrupper for utviklingsprosjekt i barnevernstenestene i Vestland og barnevernsleiarar
Påmeldingsfrist:
1. oktober 2024 23:59

Vi inviterer alle prosjektgruppene som jobbar med utviklingsprosjekt i barnevernstenestene til fagdag om implementeringskunnskap. Barnevernsleiarar er også velkomne til å delta.

Publisert 14.08.2024

Vi oppmodar dykk til å setje av tida, og samle heile prosjektgruppa anten fysisk eller digitalt denne dagen. Fleire av dykk har kome med ønskjer om meir kunnskap om implementering, og denne dagen får de både teoretisk kunnskap og praktiske døme frå erfarne prosjektleiarar.

Innhaldet i dagen

Som ein del av prosjektstøtteriggen i Læringsnettverket i Rogaland og Vestland har Regionalt kunnskapssenter for barn og unge Vest (RKBU Vest), Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU), Kompetansesenter rus (KORUS) og to erfarne prosjektleiarar utvikla innhaldet for dagen.

Kunnskap om kva som skal til for at utviklingsarbeid skal bidra til varige positive endringar i praksis, er viktig for at innsatsen de legg ned, og ressursane de nyttar skal gje ønskt effekt. 

Målet er varige endringar i praksis, også etter at prosjektet er ferdig. Vi veit at overgangen frå prosjekt til ordinær drift er ein kritisk fase, og at dei ressursane som vert sett av til implementering og vedlikehaldsarbeid er avgjerande. 

Vi håpar de nyttar denne moglegheita til fagleg påfyll. Det blir også moglegheit til å reflektere over korleis de kan bidra til at prosjektet de jobbar med kan gjere ein forskjell for barn, unge og foreldre, både i eiga prosjektgruppe og saman med andre. 

Litt praktisk

Seminaret tar utgangspunkt i at prosjektgruppene sitt samla, slik at de kan reflektere med utgangspunkt i eige prosjekt mellom innlegga. Vi legg også opp til eit eige digitalt grupperom for barnevernsleiarane. Sjå meir i programmet som de finn under «Dokument». Vi sender oppkoplingslenkje til dei påmelde seinast to dagar før samlinga. 

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Påmeldingsskjema

Dato:
16. oktober 2024 09:00 - 14:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med RKBU Vest, NUBU og KORUS
Målgruppe:
Alle som sit i prosjektgrupper for utviklingsprosjekt i barnevernstenestene i Vestland og barnevernsleiarar
Påmeldingsfrist:
1. oktober 2024 23:59