Nettdialog SKOG 3/2024 – Har vi kontroll?

Dato:
10. september 2024 09:00 - 10:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og andre interesserte tilsette i kommunane i Vestland og Rogaland, men også ope for eksterne deltakarar. 

Det vert krevd at ein offentleg etat har kontroll på regelverk, og at midlar vert betalt ut til dei som har rett på det. Korleis har vi kontroll med det? Og korleis viser vi det? Dette er tema for Dialog Skog nr.3/24.

Publisert 21.06.2024

Det er eit krav at vi må ha interne rutinar og dei bør i dei fleste tilfelle vere skriftlege. Dette er spesielt viktig for ordningar som sjeldan vert brukt, og i tilfelle fagpersonar td. sluttar, og nye kjem inn. Korleis etablerar vi gode rutinar og korleis klarar vi å vedlikehalde dei? Gloppen kommune deler sine erfaringar og Statsforvaltaren tar ein gjennomgang på kvar vi finn grunnleggande krav til handsaming av skogordningane. 

Kvart år vert skogfond– og rentemiddelrekneskapet gjennomgått av ein ekstern revisor som kontrollerer at vi har ting på stell. Kvart 5. år blir kommunane også kontrollert. Vår revisor gir oss innblikk i kva dei kontrollerer og resultatet av kontrollane. 

Påmelding via nettsida vår. 

Velkomen til Dialog SKOG! 

Dirk Kohlmann, Statsforvaltaren
Fagdirektør for skog, tre og grøne verdiar      

9.00 – 9.05   

Kva blir kontrollert av revisor og kva har dei funne på kommunekontrollane så langt? 

Ole Myklebust, PwC
 Statsautorisert revisor  

9.05 - 9.25   

Korleis har Gloppen kommune jobba med å etablere og oppdatere skriftlege rutinar for skogordningane? 

Karoline Bjerkeset, Gloppen kommune
Skogbruksansvarleg 

09.25 – 09.40 

Kvar kan kommunen finne reglar for revisjon og generelle krav til interne rutinar.

Turid Digernes Eikås, Statsforvaltaren
Rådgjevar 

09.40 – 09.45 

Innspelsrunde, tilbakemeldingar, spørsmål undervegs     

 

9.45 – 10.00  

 

Dato:
10. september 2024 09:00 - 10:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og andre interesserte tilsette i kommunane i Vestland og Rogaland, men også ope for eksterne deltakarar.