Samling i økonominettverket

Dato:
27. august 2024 12:00 - 28. august 2024 12:30
Stad:
Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
Arrangør:
Statsforvalteren i Vestland
Målgruppe:
Økonomisjefar/leiarar, rekneskaps- og økonomimedarbeiderar
Påmeldingsfrist:
14. juni 2024 12:00

Arbeidsutvalget til økonominettverket  inviterar til samling i økonominettverket, 27. og 28. august, på Scandic Sunnfjord Hotel & SPA, i Førde.

 

Publisert 16.05.2024

Innleiingsvis vil vi ta opp att temaet som vi hadde i Ulvik om demografi, og få høyre frå to kommunar om korleis dei har starta prosessane og teke fatt i denne utfordringa. Assisterande kommunedirektør i Sunnfjord kommune, Lise Mari Haugen, vil innleie på dette temaet, og vi vil få eit innlegg frå kommunedirektør Øyvind Bang Olsen frå Kinn komune.

Vidare vil Marit Urmo Harstad frå Kommunalbanken ha eit innlegg om mellom anna kredittvurdering, grøne lån og finansreglement.

Dag to blir innleia av Sigmund Engdal frå KS, som vil snakke om kommuneøkonomi og nytt inntektssystem.

Vi håpar at nettverket kan vere eit forum for deltakarane til å bli kjende med kvarandre, få faglege oppdateringar, erfaringsutveksling og gode diskusjonar om kommuneøkonomien i Vestland.

Sjå vedlagt program for dagane.

Her er lenke til påmelding:

https://www.deltager.no/statsforvalteren/register/#/478188 

Dato:
27. august 2024 12:00 - 28. august 2024 12:30
Stad:
Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
Arrangør:
Statsforvalteren i Vestland
Målgruppe:
Økonomisjefar/leiarar, rekneskaps- og økonomimedarbeiderar
Påmeldingsfrist:
14. juni 2024 12:00