Kurs i saksbehandling i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9

Dato:
30. mai 2024 09:00 - 14:00
Stad:
Teams - lenkje blir sendt til påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
dagleg ansvarleg for tenester/ansvarlege for utarbeiding av vedtak om bruk av tvang og søknad om dispensasjon
Påmeldingsfrist:
27. mai 2024 23:59

Vi inviterer til digitalt grunnkurs i saksbehandling ved bruk av tvang etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.  

Publisert 21.03.2024

Statsforvalteren i Vestland inviterer personell som jobbar i dei kommunale helse- og omsorgstenester i fylket, til kurs om saksbehandling ved bruk av tvang etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Kurset er relevant for dei som er ansvarlege for utarbeiding av vedtak og dispensasjonar, og dei som utarbeider desse.

Endeleg program blir lagt ut her når det er klart.  

Vi tilrår særleg at personell med ein funksjon som gjer at dei kan dele det dei lærer på kurset vidare i verksemda deltek. Dersom de planlegg å sitte fleire i lag og følgje samlinga, så treng ikkje alle å melde seg på.

Send oss problemstillingar

Vi oppfordrar dykk til å sende inn problemstillingar på førehand. Problemstillingar kan du sende til Elisabeth Larsen (trykk på namnet under «Kontaktpersonar» for å få opp e-postadresse). Skriv «Problemstillingar til kurs for kapittel 9» i emnefeltet. Fristen er 24. mai. 

For å delta på samlinga må du melde deg på via påmeldingsskjemaet nedst på denne sida. Lenkje til oppkopling blir sendt deg seinast dagen før samlinga.

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
30. mai 2024 09:00 - 14:00
Stad:
Teams - lenkje blir sendt til påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
dagleg ansvarleg for tenester/ansvarlege for utarbeiding av vedtak om bruk av tvang og søknad om dispensasjon
Påmeldingsfrist:
27. mai 2024 23:59