Digitalt møte om tilskot på helse-, sosial- og barnevernsfeltet
- Dato:
- 18. januar 2024 09:00 - 11:45
- Stad:
- Teams - påmelde deltakarar får tilsendt lenkje
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- kommunar og Nav-kontor i Vestland, Vestland fylkeskommune
- Påmeldingsfrist:
- 16. januar 2024 23:59
På møtet får du informasjon om ulike tilskot vi forvaltar på helse-, sosial- og barnevernsfeltet. Vi inviterer også med Husbanken for å gje informasjon.
Publisert 23.10.2023, Oppdatert 12.01.2024
I webinaret går vi gjennom formål, søknadsfristar, rapportering og kor du finn utfyllande informasjon om søknad og regelverk for dei ulike tilskota.
Vi legg opp til informasjon om tilskota som er lista opp under. Sjå program under «Dokument». Vi vil forsøke å halde oss til tidsskjemaet i programmet.
- Kommunalt rusarbeid for 2024
- Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav 2024
- Tilskot til kompetansehevande tiltak for lindrande behandling og omsorg
- Tilbod til barn og unge med behov for langvarig og samansett oppfølging
- Tilbod til vaksne med behov for langvarig og samansett oppfølging
- Kommunalt kompetanse- og tenesteutviklingstilskot
- Stimuleringsmidlar til utviklingsarbeid barnevern
- Tilskot til LIS1
- Skjønsmidlar/prosjektskjønn
- Husbanken: Tilskot til bustadtiltak
- Husbanken: Investeringstilskudd til omsorgsboliger og sykehjem
Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon, og i Teams-møtet. Les meir om personvern under «Lenkjer».
- Dato:
- 18. januar 2024 09:00 - 11:45
- Stad:
- Teams - påmelde deltakarar får tilsendt lenkje
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- kommunar og Nav-kontor i Vestland, Vestland fylkeskommune
- Påmeldingsfrist:
- 16. januar 2024 23:59