Webinar om rus, psykisk helse, bustad og tenester (nr. 6 i serie)

Dato:
7. september 2023 12:00 - 13:30
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommuner og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking.
Påmeldingsfrist:
6. september 2023 23:59
Illustrasjonsbilete av framsida på Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021-2024), to born som leikar.
Ill.bilete: framsida på Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021-2024) Foto: Regjeringen/KMD.

Det sjette webinaret i serien "Rus, psykisk helse, bustad og tenester" vert arrangert den 7. september kl. 12-13:30. Programmet vil mellom anna innehalde innlegg om robuste småhus i Sandnes kommune.

Publisert 15.06.2023

Program

  • Innleiing v/Lars-Marius Ulfrstad, Statsforvaltaren i Vestland
  • Kartlegging av brukarreiser i midlertidige butilbod v/Liv Halseth, Husbanken
  • Robuste småhus v/Nina Stokke og Cathrine Raaen, Sandnes kommune
  • Prosjektskjønnsmidlar v/Kåre Træen, Statsforvaltaren i Vestland
  • Økonomiske verkemidlar v/Vera Nes (arkitekt), Husbanken

Det vert ikkje gjort opptak av webinaret.

Bakgrunn for webinarserien

Både små og store kommunar gir tilbakemelding om at dei har utfordringar med å tilby stabile og gode bustadar og tenester for personar med rus og/eller psykisk liding.

Gjennom webinarserien vil kommunane kunne få auka kompetanse om heilskaplege bu- og tenesteløysingar for personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Webinarserien er retta mot kommunane i Vestland og deira samarbeidspartar. Det er høve til å delta på enkeltwebinar.

Påmelding webinar 7. september 2023

Dato:
7. september 2023 12:00 - 13:30
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommuner og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking.
Påmeldingsfrist:
6. september 2023 23:59