Smittevernkonferanse i Bergen

Dato:
28. september 2023 09:00 - 15:45
Stad:
Bergen, Scandic Bergen city hotel
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
smittevernlegar, helsesjukepleiarar, smittevernansvarlege i sjukeheimar og heimetenestene og andre som jobbar med smittevern i Vestland fylke
Påmeldingsfrist:
24. august 2023 23:59

Statsforvaltaren inviterer til konferanse 28. september i Bergen. Programmet er no klart, og du kan melde deg på. 

Publisert 16.05.2023, Oppdatert 21.06.2023

Vi inviterer til to smittevernkonferansar i september. Den eine går føre seg på Skei 27. september og den andre i Bergen 28. september. Programmet for dei to konferansane blir likt. Her finn du informasjon om konferansen på Skei.

Tema i år er mellom anna erfaringar frå arbeid med flyktninghelse, meningokokkvaksinering, seksuelt overførbare sjukdomar, riktig antibiotikabruk, utbrot av Covid-19 i framtida og smittevernplanar. Programmet for konferansen finn du under "dokument".

Kurset vert søkt godkjent av Legeforeningen som teljande for spesialitetane i allmenn- og samfunnsmedisin som valfrie kurspoeng, og av norsk sykepleieforbund som teljande til (vidare)utdanninga.

Påmelding og praktisk informasjon

Du melder deg på via skjemaet som du finn nedst på denne sida. Vi dekker lunsj og dagpakke for deltakarane. Reise og eventuell overnatting må deltakarane bestille og betale sjølve. Manglande frammøte blir fakturert for dagpakke.

Ved å melde deg på samlinga samtykkjer du til at namn og kontaktinformasjon, og eventuelle allergiar, kan bli delt med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer». 

Dato:
28. september 2023 09:00 - 15:45
Stad:
Bergen, Scandic Bergen city hotel
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
smittevernlegar, helsesjukepleiarar, smittevernansvarlege i sjukeheimar og heimetenestene og andre som jobbar med smittevern i Vestland fylke
Påmeldingsfrist:
24. august 2023 23:59

Kontaktpersonar

Lenkjer

Dokument