Kurs om tvungen somatisk helsehjelp (kapittel 4A) for helsepersonell i kommunale helse- og omsorgstenester

Dato:
21. september 2023 12:00 - 15:00
Stad:
Teams - lenkje blir sendt påmeldte deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Helsepersonell i kommunane
Påmeldingsfrist:
14. september 2023 23:59

Vi inviterer til digitalt kurs i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A. Kurset er for helsepersonell som yter helsehjelp i kommunale helse- og omsorgstenester.

Publisert 29.06.2023

Statsforvaltaren i Vestland inviterer helsepersonell som jobbar i fylkets kommunale helse- og omsorgstenester til kurs om tvungen somatisk helsehjelp etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A. Program kjem seinare. 

Kurset har 300 plassar. Vi tilrår særleg at helsepersonell med ein funksjon som gjer at dei kan dele det dei lærer på kurset vidare i verksemda deltek. Dersom de planlegg å sitte fleire i lag og følgje samlinga, så treng ikkje alle å melde seg på.

Oppkoplingslenkje

Oppkoplingslenkje til møtet vert sendt seinast dagen før samlinga.

Ved å melde deg på denne samlinga, godtek du at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon, og i Teams-møtet. Les meir om personvern og nettryggleik under "Lenkjer". 

Dato:
21. september 2023 12:00 - 15:00
Stad:
Teams - lenkje blir sendt påmeldte deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Helsepersonell i kommunane
Påmeldingsfrist:
14. september 2023 23:59