Økonominettverket 2023
- Dato:
- 29. august 2023 12:00 - 30. august 2023 14:00
- Stad:
- Brakanes Hotel, Ulvik
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Økonomisjefar/ rekneskapsmedararbeidarar/ revisjon
- Påmeldingsfrist:
- 4. juli 2023 12:00
Samling i økonominettverket vil i år bli lagt til Brakanes Hotel i Ulvik, 29. og 30. august. Hovudtema i år blir bruk av Kostra-data i planlegging og styring, og framtidige demografiutfordringar.
Vi startar som vanleg med lunsj kl. 12.00, den 29. august, og avsluttar med lunsj den 30. august.
Statsforvaltar Liv Signe Navarsete vil innleie samlinga.
Kommunedirektøren i Voss herad, Arild McClellan Steine, og økonomisjef i Austevoll kommune, Thomas M. Larsen, vil innleie på det første temaet - Bruk av Kostra-data i planlegging og styring.
På dag to er hovudtema demografiutfordringar, og framtidsbilde/konsekvensar for inntektssystemet.
Håvard Moe frå KS-konsulent vil innleie denne bolken, og kommunalsjef for finans og økonomi Anne Erdal, vil ha eit innlegg om korleis dei planlegg for dette i Øygarden kommune.
Det endelege programmet vil bli utlagt om ikkje så lenge.
Målgruppe for samlinga er økonomisjefar/leiarar, rekneskaps- og økonomimedarbeiderar, og eventuelt revisjon i Vestland fylke. Vi håpar at nettverket kan vere eit forum for kommunane til å bli kjende med kvarandre, få faglege oppdateringar, erfaringsutveksling og gode diskusjonar om kommuneøkonomien i Vestland.
Pris for deltaking på heile samlinga blir kr. 3 880 per person i enkeltrom. Om du vil delta berre på dagtid er dagpakkeprisen kr. 725. I tillegg kjem kr 95 for litt ekstra mat på ettermiddag dag 1. Middag onsdags kveld kjem i tillegg og kostar kr. 635.
Etter fagleg program dag 1, er det mogeleg å melde seg på frukt- og siderruta, der vi spaserer til 3 gardar med ulike opplevingar. Det er gåavstand mellom kvar gard, og vi besøker Hardanger Saft- og siderfabrikk, Syse Gard og Ulvik Frukt&Cideri. Pris på dette er kr. 425 og kjem i tillegg. Kryss av i skjemaet under dersom du vil delta på dette.
NB: kvar enkelt må betale for seg sjølv ved utsjekk.
Påmeldingsfrist: 4. juli.
Nedanfor finn du lenke til påmelding.
- Dato:
- 29. august 2023 12:00 - 30. august 2023 14:00
- Stad:
- Brakanes Hotel, Ulvik
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Økonomisjefar/ rekneskapsmedararbeidarar/ revisjon
- Påmeldingsfrist:
- 4. juli 2023 12:00
Kontaktpersonar
-
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35