Nettverk for aldersvenlege samfunn i Vestland
- Dato:
- 26. mai 2023 09:00 - 14:00
- Stad:
- Statens Hus, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren, arbeidsgruppa for eit aldersvenleg nettverk, KS og Senteret for et aldersvennlig Norge
- Målgruppe:
- Tilsette i kommunar som arbeider med Leve heile livet, eller planlegging for eit aldersvenleg samfunn
- Påmeldingsfrist:
- 22. mai 2023 23:59
Samlinga er aktuell for dei i kommunane som jobbar med planlegging for eit aldersvenleg samfunn og Leve heile livet. Program er klart, og du kan melde deg på.
Statsforvaltaren, arbeidsgruppe for eit aldersvenleg samfunn i Vestland, Senteret for et aldersvennlig Norge og KS inviterer til fysisk samling i nettverket 26. mai.
Programmet er under utarbeiding, men vil mellom anna innehalde desse postane:
- Brukarmedverknad og planleggelitt.no med Anne Berit Rafoss, prosjektleiar i Senteret for et aldersvennlig Norge
- Uteområde og møteplassar i Austevoll, ved Ingrid Kristina Danielsen Henriques, folkehelsekoordinator
- "Møteplassar for alle i Stord", ved Tove Vikanes Agdestein, folkehelsekoordinator
- Aldersvenleg Askøy, ved Lina Marie Ørnehaug, samfunnsplanleggjar
- "Hvordan tilrettelegge for bedre hverdagsmobilitet for eldre?" ved Håkon Løland, prosjektleiar i OBOS Block Watne
- Strategi for aldersvennlig kunst og kulturby – Bergen, ved Tine Rude, seksjonssjef kunst og kulturutvikling
- Bygda skal skina, LivOGLyst i Øystese, ved prosjektleiar Marit Buttingsrud med fleire
- Samtalar undervegs, leia av Ragna Flotve, seniorrådgjevar hos Statsforvaltaren
Det regionale nettverket vart etablert etter initiativ frå kommunane i 2022. I arbeidsgruppa sit Askøy, Voss og Stryn, i tillegg til Statsforvaltaren og KS, som er med å legge til rette. Nettverket er sentralt i Leve heile livet-arbeidet til Statsforvaltaren og det regionale støtteapparatet. Les meir om oppstarten av nettverket i denne saka.
Praktisk informasjon
Målgruppa for samlinga er tilsette i kommunane som arbeider med Leve heile livet, eller planlegging for eit aldersvenleg samfunn. Vi set førebels deltakartal på maks fire per kommune, men ta kontakt om de ønskjer å delta med fleire.
Statsforvaltaren dekker lunsj. Reise og eventuell overnatting må deltakarane ordne sjølve.
Ved å melde deg på samlinga, samtykker du samtidig til at informasjonen din blir delt med medarrangørar. Les meir om personvern under «Lenkjer».
- Dato:
- 26. mai 2023 09:00 - 14:00
- Stad:
- Statens Hus, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren, arbeidsgruppa for eit aldersvenleg nettverk, KS og Senteret for et aldersvennlig Norge
- Målgruppe:
- Tilsette i kommunar som arbeider med Leve heile livet, eller planlegging for eit aldersvenleg samfunn
- Påmeldingsfrist:
- 22. mai 2023 23:59
Kontaktpersonar
-
Ragna Flotve
Tlf: 55 57 21 72