Korleis fremje barneperspektivet i Nav?

Dato:
22. mai 2023 09:00 - 13:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Alle som jobbar i Nav
Påmeldingsfrist:
16. mai 2023 12:00

Vi inviterer Nav-tilsette til å høyre om erfaringar med å fremje barneperspektivet i Nav. Dette skjer på Teams den 22. og 26. mai, og for å få fullt utbytte av samlinga må du delta begge dagar.

Publisert 11.04.2023, Oppdatert 11.05.2023

Talet på barn i Norge som veks opp i familiar med låginntekt aukar. Barnefamiliar med vedvarande låginntekt treng ofte heilskaplege og koordinerte tenester.

I 2022 fekk vi oppvekstreforma der 14 ulike regevelverk vart endra. Målet med dette er mellom anna å få til førebygging og betre samarbeid mellom ulike tenester. Reforma har også innverknad på Nav, for Nav kan ha ei viktig rolle i arbeidet med barnefamiliar.

På samlingane vil du få høyre meir om dette:

  • Sosiale investeringar og utanforskap.
  • Kva skjer med velferdsstaten om utanforskapen fortset å auke?
  • Erfaringar med kartlegging og oppfølging av familiar.
  • Kva skal Nav kartlegge, og korleis kan Nav snakke med foreldre om barna?
  • Kva skjer når Nav snakkar med barna?
  • Kva skal Nav gjere med informasjonen dei får?
  • Samarbeid internt i Nav, og med andre aktørar rundt familien.
  • Kva må Nav vite om familiar som er flyktningar?
  • Ei mors erfaringar med Nav frå begge sider – kva kan Nav lære?

Praktisk informasjon

Samlinga blir klokka 09.00 – 13.15 begge dagar.

For å kunne delta må du melde deg på via påmeldingsskjemaet under. Ved å melde deg på, samtykker du til at namn og e-postadresse kan vere synleg i Teams-møtet og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Vi sender ut Teams-innkalling seinast klokka 07.00 same dag som samlinga skal vere. 

Viss du ikkje har høve til å delta begge dagar, kan du sjølv ta bort innkallinga i Outlook den dagen du ikkje skal vere med. Du treng ikkje gje beskjed til oss om dette.

Vi gjer dessverre ikkje opptak av samlinga.

Dato:
22. mai 2023 09:00 - 13:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Alle som jobbar i Nav
Påmeldingsfrist:
16. mai 2023 12:00