Webinar om rus, psykisk helse, bustad og tenester (nr. 4 i serie)
- Dato:
- 15. mars 2023 13:00 - 15:00
- Stad:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
- Målgruppe:
- Leiarar og fagpersonar i kommuner og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking
- Påmeldingsfrist:
- 14. mars 2023 23:59
Tema for det fjerde webinar i serie om rus, psykisk helse, bustad og tenester er "Komplekse utfordringar - døme på tiltak"
Program
- Nasjonale føringar og tilskot - FACT
Olav Oxholm, seniorrådgjevar i Helsedirektoratet, avd. kommunale helse- og omsorgstjenester - RusFact
Kristianne Rygg, Team-leiar RusFact Oslo vest - "Sammen om trygg bosetting" - metoder og praksiseksempler fra samarbeid rundt bosetting av personer med sikkerhetsproblematikk
Trond Brækhus, seksjonssjef, Bolig først - bydel St. Hanshaugen, Oslo kommune - DUE (Der Ungdommen Er)
Cecilie Nilsen, avdelingsleder DUE Bergen - Evaluering av kommunale botiltak - DUE i Bergen, Gartnerhagen i Trondheim og DUE/Foyer i Bodø
Ingrid Gaarder Harsheim, Oslo Economics - Refleksjon og avslutning
RUSFACT
FACT (Flexible assertive community treatment) kan oversetjast med: fleksibel, aktiv oppsøkjande behandling. RusFACT er eit tverrfagleg behandlingstilbod for personar over 18 år med rusavhengigheit. Føremålet med tilbodet er å nå personar som har behov for koordinerte tenester frå både kommune og spesialisthelseteneste, når ordinær ruspoliklinikk og oppfølgjing frå kommune ikkje strekk til.
"Sammen om bolig" er eit innovasjonsprosjekt som er særleg knytt til brukarar der det også er vurdert ein tryggleiksrisiko og fare for bruk av vald. Prosjektet er utvikla i samarbeid mellom seks bydelar i Oslo og Velferdsetaten, og følgeforska av FAFO.
"DUE" står for «Der Ungdommen Er» og er eit miljøterapeutisk oppfølgingstiltak for ungdom i Bergen kommune. Idégrunnlaget er å hjelpe ungdom der dei er, i nær tilknytning til sitt nettverk og nærmiljø. Tiltaket skal medverke til ein meir effektiv bruk av ressursar i det kommunale og statlege barnevernet.
Oslo Economics har saman med By- og regionsforskningsinstituttet NIBR (OsloMet) nyleg gjennomført ei evaluering av tre kommunale butiltak; DUE i Bergen, Gartnerhagen i Trondheim og DUE/Foyer i Bodø.
Bakgrunn for webinarserien
Både små og store kommunar gir tilbakemelding om at dei har utfordringar med å tilby stabile og gode bustadar og tenester for personar med rus og/eller psykisk liding.
Gjennom webinarserien vil kommunane kunne få auka kompetanse om heilskaplege bu- og tenesteløysingar for personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Webinarserien er retta mot kommunane i Vestland og deira samarbeidspartar. Det er høve til å delta på enkeltwebinar.
- Dato:
- 15. mars 2023 13:00 - 15:00
- Stad:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
- Målgruppe:
- Leiarar og fagpersonar i kommuner og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking
- Påmeldingsfrist:
- 14. mars 2023 23:59