Korleis forbetre dei sosiale tenestene i Nav?
- Dato:
- 14. desember 2022 09:00 - 13:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette
- Påmeldingsfrist:
- 12. desember 2022 12:00
Vi inviterer Nav-tilsette til å høyre om sosialt arbeid som verkar.
Den 29. september hadde vi ei samling for prosjekta i Vestland som utviklar dei sosiale tenestene i Nav. Etter samlinga var det fleire som meldte at dei ville høyre meir, både om tiltak som verkar og om einskilde prosjekt som er i drift på Nav-kontora. Det er dette ønsket vi vil prøve å imøtekome på dette møtet.
Cathrine Hillestad og Kjerstin Carlsen vil fortelje om oppfølging i Nav, sett frå fleire vinklar. Mellom anna blir temaa medverknad, samarbeidsallianse, samarbeid med andre tenester, og kva som skal til for å skape sosial inkludering, løfta.
To av prosjekta våre vil fortelje om arbeidet sitt.
Samlinga i september var berre for dei som arbeider i prosjekta, men denne samlinga er open for alle i Nav som har å gjere med dei sosiale tenestene.
For å kunne delta på samlinga må du melde deg på via påmeldingsskjemaet under. Ved å melde deg på samtykker du til at namn og e-postadresse kan vere synleg i Teams-møtet og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».
Vi gjer opptak av seminaret som alle deltakarane vil få tilsendt i etterkant. Ta kontakt med Cecilie Jantzen viss du ikkje kan delta, men likevel ønskjer ei lenkje til opptaket.
Vi sender ut Teams-innkalling litt før klokka 07.00 same dag som samlinga skal vere.
- Dato:
- 14. desember 2022 09:00 - 13:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette
- Påmeldingsfrist:
- 12. desember 2022 12:00