Samling for prosjekta som utvikler dei sosiale tenestene i Nav

Dato:
29. september 2022 08:45 - 15:30
Stad:
Zander K Hotel i Bergen sentrum
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Samlinga er for Nav-kontor som får tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav
Påmeldingsfrist:
29. august 2022 23:59

Målet med samlinga er å auke kunnskapen om prosjektarbeid, utveksle erfaringar mellom prosjekta og dele gode grep med eventuell overføringsverdi til andre Nav-kontor. 

Publisert 13.07.2022, Oppdatert 02.09.2022

Prosjekta får møtast og kan knyte kontaktar som de kan bruke til støtte i prosjektarbeidet. Sjå oversikta over dei prosjekta som er invitert til samlinga i eiga nettsak.

Det blir innlegg frå Statsforvaltaren, Arbeids- og velferdsdirektoratet, KS og nokre av prosjekta. Vi legg til rette for erfaringsutveksling, refleksjon og gruppearbeid.

Praktisk informasjon og påmelding

Vi inviterer prosjektmedarbeidarane og den næraste leiaren som har med prosjektet å gjere. Prosjekt med to prosjektmedarbeidarar får tre plassar, prosjekt med ein prosjektmedarbeidar får to plassar.

Samlinga er gratis. Statsforvaltaren bestiller og dekker overnattingsutgifter frå 28. – 29. september for deltakarar som har lang reiseveg; 3 timar eller meir. Meld frå om du treng overnatting i påmeldingsskjemaet. Samlinga og overnatting går føre seg på Zander K Hotel i Bergen sentrum.

Du melder deg på ved å fylle ut påmeldingsskjema. Du må fylle ut skjema sjølv om du tidlegare har sendt e-post til Cecilie Jantzen om at du kjem på samlinga.

Påmeldinga er bindande. Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om at du gir beskjed til Cecilie Jantzen innan fristen. Kontaktinformasjon finn du under "Kontaktpersonar". 

Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Dato:
29. september 2022 08:45 - 15:30
Stad:
Zander K Hotel i Bergen sentrum
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Samlinga er for Nav-kontor som får tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav
Påmeldingsfrist:
29. august 2022 23:59