Rådgjevande eining i russaker
- Dato:
- 13. september 2022 09:00 - 11:30
- Stad:
- Teams - lenkje blir sendt påmelde deltakarar
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og Korus Bergen
- Målgruppe:
- Leiarar med ansvar for kommunens rådgjevande eining for russaker, tenesteleiarar for rus og psykisk helse, leiar for sosiale tenester i Nav, leiar barnevern og leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta
- Påmeldingsfrist:
- 8. september 2022 23:59
Statsforvaltaren i Vestland inviterer i samarbeid med Korus Bergen interesserte kommunar til eit digitalt informasjonsmøte den 13. september frå klokka 09.00 – 11.30.
Frå 1. juli 2022 er kommunane pålagt å ha rådgjevande eining for russaker. Eininga kan organiserast slik kommunen sjølv meiner det er tenleg.
Eininga skal ha ansvaret for å møte personar når oppmøte er sett som vilkår for ein bestemt strafferettsleg reaksjon. Dette omfattar også å gjennomføre ein ruskontroll dersom dette er sett som vilkår.
I samband med den varsla førebyggings- og behandlingsreforma som Regjeringa vil innføre frå 2023 er det varsla at dei rådgjevande einingane kan verte pålagt fleire oppgåver.
Les meir i informasjonsskrivet frå Helsedirektoratet (oppdatert 10. oktober 2022),og i nyhendesak hos Regjeringa.
For å delta på samlinga må du melde deg på via skjemaet under. Lenkje til Teams-møte blir sendt ut seinast dagen før møtet.
Program for møtet
09.00 - 09.10 | Velkomen, Statsforvaltaren i Vestland |
09.10 - 10.00 |
Innlegg frå to kommunar om korleis dei har organisert rådgjevande eining
Vi opnar for spørsmål i etterkant. |
10.00 - 10.15 | Pause |
10.15 - 10.45 | Meir om rådgjevande eining, ved Else Kristin Utne Berg i KORUS |
10.45 - 11.30 | Spørsmål og svar |
- Dato:
- 13. september 2022 09:00 - 11:30
- Stad:
- Teams - lenkje blir sendt påmelde deltakarar
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og Korus Bergen
- Målgruppe:
- Leiarar med ansvar for kommunens rådgjevande eining for russaker, tenesteleiarar for rus og psykisk helse, leiar for sosiale tenester i Nav, leiar barnevern og leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta
- Påmeldingsfrist:
- 8. september 2022 23:59