Webinar om driveplikt og jordleige

Dato:
15. februar 2022 10:00 - 12:00
Stad:
Teamsmøte
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i kommunane
Påmeldingsfrist:
14. februar 2022 12:00

Statsforvaltaren inviterer til Webinar om driveplikt og jordleige 15. februar og 18. februar.

Publisert 31.01.2022

Tema for webinaret er:

  • Regelverk og føringar
  • Korleis kan kommunane få på plass gode rutinar for oppfølging av driveplikta og kravet om jordleigeavtale?
  • Kva verktøy har vi for å få oversikt over eigedomar der jordbruksareala ikkje vert drive?
  • Tilrettelegging frå statsforvaltaren
  • Sakshandsaming

Webinaret er for dei tilsette på landbrukskontora, men er også ope for faglaga og andre knytt til næringa som ynskjer meir kunnskap om regelverket som gjeld driveplikt og jordleige.

For at det skal vere rom for spørsmål og diskusjon, er det ein fordel at vi ikkje vert alt for mange på kvart møte. Derfor gjennomfører vi same webinaret to dagar:

Tysdag 15. februar kl. 10:00 til 12:00
Fredag 18. februar kl. 10:00 til 12:00

Meld deg på den dagen som passar best for deg.

Påmeldingsfrist er måndag 14. februar kl 12.00.

De får tilsendt lenkje til teamsmøtet i forkant.

 

Påmeldingsskjema:

Deltek:
Dato:
15. februar 2022 10:00 - 12:00
Stad:
Teamsmøte
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i kommunane
Påmeldingsfrist:
14. februar 2022 12:00

Kontaktpersonar