Smittevernkonferanse i Bergen
- Dato:
- 3. november 2021 09:00 - 15:45
- Stad:
- Bergen, Scandic Ørnen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren og Helsedirektoratet
- Målgruppe:
- smittevernlegar, helsesjukepleiarar, smittevernansvarlege i sjukeheimar og heimetenestene og andre som jobbar med smittevern i Vestland fylke
- Påmeldingsfrist:
- 19. oktober 2021 23:59
Vi arrangerer smittevernkonferanse i Bergen 3. november. Programmet er no klart og vi har utvida påmeldingsfristen til 19. oktober
I samarbeid med Helsedirektoratet arrangerer vi to smittevernkonferansar i november. Ein på Skei 2. november og ein i Bergen 3. november. Programmet på dei to konferansane er likt. Her finn du informasjon om konferansen på Skei.
Tema på konferansen vert mellom anna antibiotikabruk, infeksjonsdiagnostikk, smittevernrutinar, skabb og handsaming av utbrot i sjukeheim. Det vert lagt opp til ein fellesbolk før lunsj og parallellsesjonar etter lunsj. Sjå meir i programmet, som du finn under «Dokument».
Påmelding og praktisk informasjon
Du melder deg på via skjemaet som du finn nedst på denne sida. Vi dekker lunsj og dagpakke for deltakarane. Reise og eventuell overnatting må deltakarane bestille og betale sjølve. Manglande frammøte unta avbestilling innan påmeldingsfristen blir fakturert for dagpakke. Frist for påmelding og eventuell avmelding er 19. oktober.
Smittevern
Vi minner om grunnleggande råd for smittevern. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19, ta kontakt med arrangør for å avbestille. Hotellet følgjer myndigheitenes anbefalingar for smittevern. Les meir om smittevernråda hos Folkehelseinstituttet.
Statsforvaltaren tek atterhald om endringar dersom smittesituasjonen endrar seg.
- Dato:
- 3. november 2021 09:00 - 15:45
- Stad:
- Bergen, Scandic Ørnen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren og Helsedirektoratet
- Målgruppe:
- smittevernlegar, helsesjukepleiarar, smittevernansvarlege i sjukeheimar og heimetenestene og andre som jobbar med smittevern i Vestland fylke
- Påmeldingsfrist:
- 19. oktober 2021 23:59