Digital Naturmangfaldsveke for kommunane i Vestland

Dato:
16. november 2021 09:30 - 19. november 2021 11:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunar, administrasjon og politikarar
Påmeldingsfrist:
15. november 2021 13:00
Foto: Maria Knagenhjelm / Statsforvaltaren i Vestland.

Naturmangfaldveka har fokus på praktisk bruk av miljørettsprinsippa i naturmangfaldlova kapittel II. Ein blågrøn tråd i programmet er korleis naturmangfaldet blir i vareteke i dagleg planlegging og forvaltning, tolv år etter at vi fekk lov om naturmangfald.

Webinaret går over fire dagar frå kl. 09.30 – 11.00.

Publisert 01.11.2021

Kort om programmet:

Tysdag 16. november: Arealbruk og kunnskap

Korleis møte naturkrisa? Om kommunane sin rolle. Kunnskapsgrunnlaget – korleis vurdere konsekvensar for natur? Kvifor vi treng kommunedelplanar for naturmangfald.

Innleiarar: Christian Steel, Sabima, Sarah Kvåle Skouen og Magnus Johan Steinsvåg, Statsforvaltaren i Vestland.  

Onsdag 17. november: Naturmangfald i skog

Naturmangfaldet i skog, miljøsertifisering, landbruksvegar og naturmangfald. Tankar om framtidas skogbruk.   

Innleiarar: Dirk Kohlmann, Gro Kampp Hansen, Magnus Johan Steinsvåg og Tore Larsen, Statsforvaltaren i Vestland. 

Torsdag 18. november: Planlegging og bygging.

Ta naturen tilbake, om tilbakeføring av utbyggingsområde til grøne formål, planlegging for naturmangfald i sjø, naturmangfald i regulerings- og byggesaker.

Innleiarar: Seksjonsleder Mette Iversen og konstituert etatsdirektør Ulf Sæterdal, Plan- og bygningsetaten, Bergen kommune, fagansvarleg miljø og landbruk Målfrid Eide, Askøy kommune, Egil Hauge, Statsforvaltaren i Vestland 

Redag 19. november: Miljørettsprinsippa i utmark og jordbruk

Naturmangfald og motorferdsel i utmark, kantsonar til vassdrag og korleis jord- og skogbruk kan unngå negativer verknader på naturmangfaldet.  

Innleiarar: Rådgjvar Aina-Elise Bolstad Stokkenes, Luster kommune, rådgjevar Åshild Irene Lie, Sveio kommune, seksjonsleiar Hege Eeg Osterøy kommune, Gry Walle og Eline Orheim, Statsforvaltaren i Vestland.

Lenkjer til webinara vert lagt ut på vår heimeside. 

Naturmangfaldveka 2021 - påmelding

Kva dagar ønskjer du å delta?
Dato:
16. november 2021 09:30 - 19. november 2021 11:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunar, administrasjon og politikarar
Påmeldingsfrist:
15. november 2021 13:00