Verdiar for framtida – Landbrukskonferansen 2021
- Dato:
- 15. september 2021 11:00 - 16. september 2021 15:00
- Stad:
- Scandic, Voss
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge, Vestland
- Målgruppe:
- Kommunar og organisasjonar knytt til landbruk i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 17. august 2021 23:58
Korleis kan vi bidra til berekraft og nyskaping i vestlandslandbruket? Dette skal på dagsorden på landbrukskonferansen for Vestland i september.
15. - 16. september arrangerer Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge Vestland landbrukskonferanse på Voss.
Gjennom to dagar skal kommunar og andre med interesse for landbruk få auka kunnskap og inspirasjon gjennom innlegg, diskusjonar og idéutveksling. Det vert også god tid til å byggje nettverk, snakke med gamle kjente og møte nye samarbeidspartnarar.
Hovudtemaet for konferansen er korleis vi kan vere med på å skape berekraft og nyskaping i vestlandslandbruket. Du får også innsikt i andre landbruksfaglege tema.
Fristen for påmelding er ute.
Ved å melde deg på denne samlinga kan namn og kontaktinformasjon bli delt med hotell eller konferanselokale. Les meir om personvern og nettryggleik her.
- Dato:
- 15. september 2021 11:00 - 16. september 2021 15:00
- Stad:
- Scandic, Voss
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge, Vestland
- Målgruppe:
- Kommunar og organisasjonar knytt til landbruk i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 17. august 2021 23:58