Vil du lære meir om korleis du kan møte vaksne som strevar medsjølvmordstankar?

Dato:
28. mai 2021 09:00 - 11:30
Stad:
Teams - lenke blir sendt påmelde deltakarar
Arrangør:
RVTS Vest, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Tilsette i kommunane som jobbar med vaksne

Kommunens helse- og omsorgstenester skal førebygge, avdekke, avverje og følge opp sjølvskading og sjølvmordsforsøk. RVTS Vest og Statsforvaltarane i Rogaland og Vestland inviterer til digital fagdag om dette temaet.

Publisert 27.04.2021, Oppdatert 06.05.2021

Under finn du programmet for fagdagen.

Tid

Tema

Førelesar

9.00 - 9.25

Korleis kan ein førebygge sjølvmord og sjølvskading?

Åse og Gudrun

9.30 - 9.55

Kva gjer ein dersom ein er bekymra?

Åse og Gudrun

10.00 - 10.25

Kva gjer ein dersom ein er bekymra? Forts.

Åse og Gudrun

10:30 - 10.55

Korleis lage og bruke kriseplanar i arbeid med sjølvmordsnære brukarar?

Helene Trønnes

11.00 - 11.25

Selv om solen skinner

Målfrid J. Frahm Jensen

Om føredragshaldarane:

Åse Mattson, psykolog ved RVTS Vest
Gudrun Austad, psykiatrisk sjukepleiar ved RVTS Vest
Helene Trønnes, psykologspesialist og seksjonsleiar ved Kronstad DPS
Målfrid J. Frahm Jensen, hjelpepleier/erfaringskonsulent

I etterkant av fagdagen vil vi gje ut refleksjonsoppgåver som de kan nytte på eigen arbeidsplass for å drøfte ulike problemstillingar knytt til oppfølging av sjølvmordsproblematikk. Vi oppmodar fleire tilsette frå same arbeidsplass om å følgje den digitale fagdagen saman, og å setje av tid til å drøfte dette i etterkant av samlinga.

Arrangementet er gratis. Her melder du deg på samlinga. Påmeldingsfrist er 25. mai, klokka 12.00.

Dato:
28. mai 2021 09:00 - 11:30
Stad:
Teams - lenke blir sendt påmelde deltakarar
Arrangør:
RVTS Vest, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Tilsette i kommunane som jobbar med vaksne