Dialog SKOG nr.3 - kva er god hjorte- og skogforvaltning?
- Dato:
- 19. mai 2021 09:00 - 10:15
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i samarbeid med Skogkurs, HVL og Bjørnafjorden kommune
- Målgruppe:
- I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestlandsfylka, men sjølvsagt opent for eksterne deltakarar også.
Hjort er elska som jaktbart dyr, naturoppleving og som steik på tallerken, men er også eit skogsskadedyr på Vestlandet. Høg hjortestamme og kvalitetsskog på same areal er vanskeleg å få til. Statsforvaltaren inviterer til Dialog SKOG.
Auka hjortejakt er avgjerande på kort sikt - dette er kjent kunnskap frå dei «hjortesterke» landa i Europa. Betre dyrehelse er og eit argument for meir jakt. Korleis kan kommunane forvalte hjortestammen betre? I tillegg vil vi gje nokre enkle tips korleis skogeigaren kan ivareta utsett skog. Påmelding som vanleg via våre nettsider.
Program:
Statsforvaltaren Velkomen, køyrereglar for dette møtet |
Dirk Kohlmann fagdirektør for skog, tre og grøne verdiar |
9.00 – 9.05 |
Skogkurs Korleis oppnår vi betre og heilskapleg hjorte- og skogforvaltning?
Nok hjort 2021 – 25; eit prosjekt med fokus på å nå mål og realisere ønskja endringar i hjorteforvaltninga. |
Øyvind Juliussen prosjektleiar entrepenør-skogbruk, jakt, viltforvaltning og utmarksnæring
Arve Aarhus prosjektleiar |
9.05 – 9.35 |
Bjørnafjorden kommune God skogforvaltning krev god hjorteforvaltning. Nokre enkle tips i kvardagen. |
Simon Wolff skogbrukssjef med ansvar for viltforvaltning |
9.35 - 9.50 |
Høgskulen på Vestlandet Hjorten som landskapsingeniør: kva veit vi og korleis kan dette endre skogforvaltninga lokalt? |
Stein Joar Hegland økolog |
9.50 - 10.05 |
Innspelsrunde, tilbakemeldingar, spørsmål undervegs |
|
10.05 – 10.15 |
- Dato:
- 19. mai 2021 09:00 - 10:15
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i samarbeid med Skogkurs, HVL og Bjørnafjorden kommune
- Målgruppe:
- I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestlandsfylka, men sjølvsagt opent for eksterne deltakarar også.
Kontaktpersonar
-
Dirk Kohlmann
Tlf: 55 57 21 71 / 41 29 65 50