Dagsamling om kvalifiseringsprogram (KVP)

Dato:
7. mai 2021 09:00 - 12:30
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav-kontor som har få deltakarar i programmet og/eller lita erfaring med tenesta
Påmeldingsfrist:
5. mai 2021 23:59

Målet med samlinga er å auke bruk av KVP i Nav-kontor som har få deltakarar i programmet og/eller lita erfaring med tenesta

Publisert 09.04.2021

Statsforvaltaren i Vestland inviterer i samarbeid med Nav Vestland til dagsamling om kvalifiseringsprogrammet.

Program

Vi kjem nærmare tilbake med informasjon om program.

Førebuing til samlinga

For at du skal få mest mogleg utbytte ber vi om at du på førehand har lest regelverket om KVP i rundskriv 35 til sosialtenestelova, frå paragraf 29 til 40. Rundskrivet finn du under fana "Lenkjer".

Dersom du har spørsmål eller problemstillingar knytt til KVP, regelverket eller samlinga, så send dei på e-post innan påmeldingfristen til Statsforvaltaren i Vestland ved Sunniva Skogen. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar". På samlinga vil vi forsøke å svare på spørsmål som vi har fått innan fristen for påmelding, og som er aktuelle for samlinga.

Påmelding

Frist for påmeldinga er 5. mai 2021 kl. 23:59. Påmelding her (lenkje). Grunna utfordringar med oppkoplinga til digitale møter i Teams, oppfordrar vi dei som melder seg på, til å registrere @nav.no-eposten sin i påmeldingsskjemaet. Påmeldte får tilsendt møteinnkalling på e-post med lenkje til møte i Teams og anna informasjon etter at fristen har gått ut.

Vi set i utgangspunktet ikkje eit tak for kor mange som kan delta frå kvart Nav-kontor, men ved mange påmelde kan dette bli nødvendig.

Dato:
7. mai 2021 09:00 - 12:30
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav-kontor som har få deltakarar i programmet og/eller lita erfaring med tenesta
Påmeldingsfrist:
5. mai 2021 23:59