Webinar - Kort veg til gode hjelparar
- Dato:
- 16. desember 2020 09:00 - 11:00
- Stad:
- Webinar
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Næringsutviklarar knytt til landbrukskontor, næringsråd, næringshagar og kommunale næringsrådgjevingsteneste
Korleis kan du bidra til næringsutvikling, arbeidsplassar og ny aktivitet i ei tid der samfunnet treng nyskaping og omstilling? Korleis få til gode møte og god rettleiing for bønder som vil skape noko nytt og utvikle verksemda si?
Vi inviterer næringsutviklarar knytt til landbrukskontor, næringsråd, næringshagar og kommunale næringsrådgjevingsteneste til webinar 11. og 16. desember.
Innhaldet har også nytteverdi for rettleiing i andre næringar.
Webinara blir fredag 11. desember og onsdag 16. desember klokka 9-11.
Det er mogeleg å berre delta første dagen.
Første samling – fredag 11. desember kl. 9-11:
- Innovasjon og gründerskap – kva er spesielt i landbruksnæringane?
- Korleis kan du bidra til næringsutvikling i landbruket gjennom det gode møtet med bonden?
- førebuing
- gjennomføring
- oppfølging - God hjelp treng ikkje vera tidkrevjande – å fange opp behov og finne dei rette hjelparane.
- overblikk over behov
- tilvisingskompetanse
Andre samling – onsdag 16. desember klokka 9-11:
- Oppfølging og gode verktøy
- Viktige føresetnader for å lukkast i utviklingsarbeidet på garden
- Forretningsmodell Canvas (praktisk verktøy for heilskapstenking og ved søknad om støtte) - Å vere drivkraft for næringsutvikling i landbruket
Det blir innleiingar, diskusjon og arbeid i grupper.
Påmeldingsfrist er onsdag 9. desember.
Det vert sendt lenke til deltakarane i forkant av samlingane.
Vel møtt!
- Dato:
- 16. desember 2020 09:00 - 11:00
- Stad:
- Webinar
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Næringsutviklarar knytt til landbrukskontor, næringsråd, næringshagar og kommunale næringsrådgjevingsteneste
Kontaktpersonar
-
Ragna Flotve
Tlf: 55 57 21 72