Fagsamling for barneverntenestene i Vestland

Dato:
4. november 2020 10:00 - 5. november 2020 15:15
Stad:
Streaming
Arrangør:
Barneverntenesta i Austevoll, Tysnes og Kvinnherad i samarbeid med Fylkesmannen i Vestland.
Målgruppe:
Tilsette i barneverntenestene i Vestland

Samlinga vert endra til å gjennomførast digitalt via streaming, den fysiske samlinga i Bergen vert avlyst. Førelesarane og kommunane Austevoll, Tysnes og Kvinnherad gjennomfører samlinga i Rosendal, og inviterar alle påmeldte til å følgje samlinga på streaming. 

Publisert 02.11.2020

Kommunane Austevoll, Tysnes og Kvinnherad inviterar tilsette i barneverntenestene i Vestland til fagsamling om analyse, vurdering og avgjerd i barneverntenesta si sakshandsaming. 

Alle påmeldte vil få tilsendt lenke for å kunne følgje samlinga på streaming. Om de har kollegaer som også ønskjer å delta når dette vert digitalt kan de vidaresende lenka. Andre som ønskjer å delta via stream kan sende e-post til arrangør innan 03.11.2020 kl. 12:00.

Merknad: Programmet er noko justert, når samlinga no vert digital. Justert program finn de til høgre på sida under "dokument". 

Som del av utviklingsprosjektet "Fagleg fellesskap på tvers av kommunegrenser" er dette den første av tre samlingar. Dei to neste vert etter planen våren 2021; 16.-17. februar i Bergen, og 01.-02. juni i Førde. Mål for samlingane er:

  • Auke kompetanse på å identifisere barn i risiko og gje rett hjelp til rett tid.
  • Sikre trygge tenester gjennom god praksis av analyse og vurderingar.
  • Fagleg forsvarleg dokumentasjon i sakshandsaminga.
  • At barn og familiar er ivolvert og har innflytelse.

På denne fyrste samlinga har dei invitert førelesarar som frå ulike perspektiv vil belyse barnevernfaglege analysar, vurderingar og avgjerd.

Samlinga er gratis, og er finansiert av stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt i regi av læringsnettverket for barneverntenestene i Vestland.

Hendvendingar som gjeld det praktiske kring arrangementet kan rettast til Tanja Modøl Juel: tanja.modol.juel@kvinnherad.kommune.no

Dato:
4. november 2020 10:00 - 5. november 2020 15:15
Stad:
Streaming
Arrangør:
Barneverntenesta i Austevoll, Tysnes og Kvinnherad i samarbeid med Fylkesmannen i Vestland.
Målgruppe:
Tilsette i barneverntenestene i Vestland