Endringar i barnehagelova – samling for etatsleiarar for barnehage
- Dato:
- 25. november 2020 10:00 - 12:00
- Stad:
- Teams-møte
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Etatsleiar/ barnehageansvarleg i kommunane i Vestland
Frå 1. januar 2021 blir det innført endringar i barnehagelova. Fleire av desse endringane vil kunne få konsekvensar for korleis kommunane organiserer oppgåvene på barnehageområdet. Dette blir tema på digital samling 25. november.
Det blir mellom anna innført eit krav om at kommunane skal organisere oppgåvene den har som barnehagemyndigheit adskilt frå oppgåvene den har som barnehageeigar.
Vi inviterer til samling der vi går inn på nokre av endringane i barnehagelova. På samlinga vil vi kome inn på kommunen si rolle som eigar og myndigheit, krav til å halde desse rollene adskilt, og krav til internkontroll for barnehageeigar og barnehagemyndigheit.
Samlinga blir gjennomført på Teams. Innkallinga vil bli sendt til e-postadressa til dei som melder seg på.
Dei som ønsker å sende inn spørsmål i forkant kan skrive dei inn i påmeldingsskjemaet, eller sende dei på e-post til kontaktpersonen: fmhomsv@fylkesmannen.no.
Følg denne lenkja for å melde deg på: Påmeldingslenke
Påmeldingsfrist: 1. november 2020.
- Dato:
- 25. november 2020 10:00 - 12:00
- Stad:
- Teams-møte
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Etatsleiar/ barnehageansvarleg i kommunane i Vestland
Kontaktpersonar
-
Marianne Svege
Tlf: 55 57 22 55 / 41 61 42 96