Webinar om opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering
- Dato:
- 1. september 2020 08:45 - 12:00
- Stad:
- Digitalt - lenkje blir sendt til påmelde deltakarar
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- tilsette som arbeider med habilitering og rehabilitering
Fylkesmannen inviterer til webinar om opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering.
Publisert 02.07.2020
Sigrunn Gjønnes frå Helsedirektoratet vil presentere status og forventningar til det vidare arbeidet for å styrke habilitering og rehabilitering. Helsefellesskap blir også eit tema på webinaret, i tillegg til lokale innlegg og moglegheit for å stille spørsmål i møtet. Førbels program finn du under «Dokument». Endeleg program blir lagt ut her når det er klart.
Tema i webinaret er relevant for leiarar og tilsette innan fagområda habilitering og rehabilitering i kommunane og spesialisthelsetenestene.
Om du allereie no har spørsmål du ønsker svar på i møtet, kan du stille desse på førehand i merknadsfeltet i påmeldingsskjemaet under.
- Dato:
- 1. september 2020 08:45 - 12:00
- Stad:
- Digitalt - lenkje blir sendt til påmelde deltakarar
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- tilsette som arbeider med habilitering og rehabilitering