Webinar for kommunale skogansvarlege
- Dato:
- 26. mai 2020 09:00 - 10:00
- Stad:
- Et Zoom-webinar
- Arrangør:
- Landbruksavdelinga
- Målgruppe:
- kommunale skogansvarlege
Fylkesmannen inviterer til eit webinar om planteaktivitet i fylket, tilskotsforvaltning, skadegjerarar i planta skog, skogplanteforedling og -kvalitet.
Totalt planlegg vi 5 skogrelaterte, korte webinar i år, skreddersydde for dykk som jobbar med skogbruk i kommunane i Vestland fylke eller i nabofylka.
Vi ynskjer å få til god fagleg formidling og utveksling av idear og røynsler frå kvardagen. Webinarane erstattar ikkje synfaringar og hyggeleg direkteprat med dykk, men kan gi oss høve til å halde kontakt året rundt. I all hovudsak vil vi bruke Teams. Ei lukka gruppe for kommunale skogansvarlege er oppretta og kan takast i bruk etter kvart til raske spørsmål, svar, ide- og erfaringsutveksling. Dess meir vi deler, jo meir vil vi få.
Med dette ønskjer vi å invitere dykk til eit første webinar om skogbruk 26.mai, kl.9 – 10.
Tema for dette møtet vil vere planteaktivitet i fylket, tilskotsforvaltning, skadegjerarar i planta skog, skogplanteforedling og -kvalitet. Vi kjem med meir program og innleiarar etter kvart.
Vi treng dialog og tek imot innspel! Vi vil tilpasse webinarane til den trongen de i kommunane ser som viktigast.
Dette webinaret vert helde med Zoom som verkty, kommande webinarar mest sannsynleg med Teams. Lenka vert sendt til dei påmeldte rett før webinaret.
- Dato:
- 26. mai 2020 09:00 - 10:00
- Stad:
- Et Zoom-webinar
- Arrangør:
- Landbruksavdelinga
- Målgruppe:
- kommunale skogansvarlege
Kontaktpersonar
-
Torleiv Skage
Tlf: 55 57 21 73 / 97 14 41 24 -
Torkel Hofseth
Tlf: 57 64 30 83 / 90 83 62 49 -
Turid Digernes Eikås
Tlf: 57 64 30 61 -
Dirk Kohlmann
Tlf: 55 57 21 71 / 41 29 65 50