Fagdagar om sosialtenestelova
- Dato:
- 25. september 2019 12:00 - 26. september 2019 12:30
- Stad:
- Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav som arbeider med økonomisk stønad, aktivitetsplikt, råd og rettleiing.
Fylkesmannen inviterer til fagdagar der vi tek utgangspunkt i generell saksbehandling etter sosialtenestelova, med hovudvekt på behandling av søknader om økonomisk stønad, aktivitetsplikt, og råd og rettleiing
Presentasjonar frå fagdagane finne de under «Dokument».
Vi vil gå gjennom sentrale tema innan sosialområdet med utgangspunkt i våre erfaringar som klageinstans og tilsynsmynde. Vi vil til dømes setje søkelyset på barns rettar, forsvarleg kartlegging av søkjarens situasjon og individuelle vurderingar.
Vi opnar også for at Nav-kontora kan melde inn problemstillingar om nemnde tema innan 9. september. Innspel kan sendast på e-post til Linda Kråkenes, som de finn under «Kontaktpersonar».
Fullstendig program finn du under «Dokument».
Praktisk informasjon
Samlinga er gratis og inkluderer overnatting, lunsj og middag. Dei med svært lang reiseveg kan melde seg på med behov for overnatting også frå 24. til 25. september.
Om du har matallergiar, eller det er anna informasjon som er viktig for arrangør å vite om, opplyser du om det i merknadsfeltet i påmeldinga.
Samlinga er gratis, men påmeldinga er bindande. Deltakarar som ikkje møter utan å gi beskjed vert fakturert med 520 kroner. Dei som bestiller overnatting og ikkje møter, blir i tillegg fakturert for overnattingskostnadene.
- Dato:
- 25. september 2019 12:00 - 26. september 2019 12:30
- Stad:
- Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav som arbeider med økonomisk stønad, aktivitetsplikt, råd og rettleiing.