Nettverk økonomisk rådgjeving 7. februar 2019

Dato:
7. februar 2019 09:00 - 15:00
Stad:
Statens hus, Kaigaten 9, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve.

Tema for samlinga er barn og unge og økonomi.

Publisert 18.01.2019

På samlinga blir det innlegg og erfaringsutveksling mellom deltakarane om temaet barn og unge og økonomi.

Før lunsj får vi innlegg frå gjeldsrådgjevar i Nav Luster. Han fortel om sine erfaringar med å vere ute i skulen og snakke om økonomi. Etter lunsj deler Meland kommune sine erfaringar med å undervise skuleungdom i personleg økonomi.

Vi legg opp til gruppediskusjonar og erfaringsutveksling mellom deltakarane.

Program for samlinga finn de under fana "Dokument".

Praktisk informasjon og påmelding

Samlinga er gratis, og deltakarane får servert lunsj. Om du har matallergiar, eller det er annan informasjon som er naudsynt for arrangør å vite om, opplyser du om dette i merknadsfeltet i påmeldinga.

Oppmøte på Statens hus og registrering i resepsjonen frå kl. 08.40. Sjølve samlinga startar kl. 09.00 og varer til kl. 15.00.

Påmeldingsfristen er satt til 25. januar 2019 kl. 12:00.

Det er avgrensa tal plassar og Fylkesmannen tek difor atterhald om å kunne prioritere mellom dei påmeldte, slik at flest mogeleg kommunar vert representerte. Nav-leiar/sosialsjef vert om naudsynt kontakta og beden om å prioritere mellom dei tilsette som har meldt seg på. Personar som ikkje er tilsette i Nav-kontor/sosialtenesta kan ikkje rekne med å få plass på samlinga.

Vi sender ut endeleg stadfesting om tildelt plass på samlinga etter at påmeldingsfristen er utløpt og naudsynte avklaringar med Nav-leiar er gjort.

Fylkesmannen i Vestland bestiller og dekkjer kostnad med hotellovernatting 6-7. februar 2019 for deltakarar som treng det grunna lang reiseveg. Dei som har behov for overnatting melder frå om det i påmeldingsskjemaet.

Reiseutgifter dekkast av arbeidsgjevar.

Dato:
7. februar 2019 09:00 - 15:00
Stad:
Statens hus, Kaigaten 9, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve.