Statsbudsjettet for 2025

Regjeringa Støre har i dag lagt fram Statsbudsjettet for 2025. Veksten i frie inntekter er noko høgare enn det som vart varsla i kommuneproposisjonen, grunna anslag for meirkostnader til demografi og pensjon, og kompensasjon som følgje av dei samla endringane i inntektssystemet. 

Publisert 07.10.2024

Pårekna vekst i frie inntekter for kommunane i Vestland frå anslag rekneskap 2024 til framlagt statsbudsjett 2025 er 5,7 prosent, medan snittet for landet er 5,8 prosent. For Vestland ligg 23 kommunar over veksten for landet og 20 kommunar under. Anslag på deflator er sett til 4,1 prosent for 2025.

 

Veksten i frie inntekter vil variere mellom kommunane. Årsaker som påverkar kommunane ulikt frå år til år er folketal og alderssamansetjing, endringar i inntektssystemet eller andre kriteriedata, skjønnstilskot, regionalpolitiske tilskot, eller skattegrunnlaget.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.