Fordeling av resten av skjønnsmidlane for 2022
Statsforvaltaren har fordelt 15,4 millionar kroner i tilbakehaldne skjønnsmidlar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kommunane Kinn, Øygarden, Osterøy og Gloppen har fått midlar grunna ein vanskeleg overordna økonomisk situasjon. Bjørnafjorden får midlar etter at prosjektet statleg finansieringsordning av omsorgstenester vart avslutta før opphavleg avtalt prosjektperiode, og at dette er vurdert som ei ekstraordinær hending som gjev kommunen økonomiske utfordringar.
Kommunar som har fått midlar:
Kommune |
kroner |
Kinn |
3 500 000 |
Bjørnafjorden |
3 896 600 |
Øygarden |
3 500 000 |
Osterøy |
2 250 000 |
Gloppen |
2 250 000 |
SUM |
15 396 600 |
Les meir om tildelingane i vedlagde brev.
I tillegg har 20 kommunar til saman fått kr 570 000 i tilskot for tilsette som har delteke på innføringskurs i forvaltningsrett.