Kommuneøkonomi

Oppdatert 18.11.2024

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 13.12.2024

Fordeling av restskjønnsmidlar 2024

Statsforvaltaren har fordelt 16,15 mill. kroner i tilbakehaldne skjønnsmidlar. 


Publisert 05.11.2024

Kostra-rapportering for 2024 og endra kontoplan for 2025

Kommunane, interkommunale selskap og samarbeid, og kommunale føretak, skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 24. februar 2025.


Publisert 07.10.2024

Statsbudsjettet for 2025

Regjeringa Støre har i dag lagt fram Statsbudsjettet for 2025. Veksten i frie inntekter er noko høgare enn det som vart varsla i kommuneproposisjonen, grunna anslag for meirkostnader til demografi og pensjon, og kompensasjon som følgje av dei samla endringane i inntektssystemet. 


Publisert 07.10.2024

Fordeling av skjønn i statsbudsjettet 2025

Skjønnsmidlar til kommunane skal fange opp lokale forhold det ikkje blir teke omsyn til i inntektssystemet eller gjennom andre ordningar. Statsforvaltaren gjer ei heilskapsvurdering av økonomien i kommunen når vi fordeler den tildelte ramma til kommunane.


Publisert 05.07.2024

Høyanger kommune ute av Robek

Høyanger kommunestyre har vedteke rekneskapen for 2023 som viser at alt meirforbruk (underskot) no er dekt inn. Kommunen blir derfor meldt ut av Robek-registeret.


Publisert 24.05.2024

Revidert nasjonalbudsjett 2024 og kommuneproposisjon 2025

Regjeringa la fram kommuneproposisjonen for 2025 og revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2024, den 14 mai.


Publisert 15.03.2024

Høyanger har fått godkjent budsjett og økonomiplan

Sidan Høyanger er Robek-kommune, må kommunestyret sitt vedtak om budsjett og økonomiplan godkjennast av Statsforvaltaren. Vi har no godkjent budsjett 2024 med ei låneramme på 30,6 mill. kroner.


Publisert 28.11.2023

Fordeling av restskjønnsmidlane for 2023

Statsforvaltaren har fordelt 10 millionar kroner i tilbakehaldne skjønnsmidlar. 


Publisert 06.11.2023

Kostra-rapportering for 2023

Kommunane, interkommunale selskap og samarbeid og kommunale føretak, skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 22. februar 2024.


Publisert 06.10.2023

Statsbudsjettet for 2024

Regjeringa Støre har i dag lagt fram Statsbudsjettet for 2024. Veksten i frie inntekter er noko høgare enn det som vart varsla i kommuneproposisjonen, avdi anslaget for meirkostnader til demografi og pensjon no er høgare.