Du kan gje innspel til vassforvaltningsplanen for Vestland 2028-2033

Høyringsfrist:
30. juni 2025 23:59

Planen for vassforvaltning i Vestland vassregion skal oppdaterast for perioden 2028-2033. Planprogrammet og dokumentet som skildrar dei viktigaste utfordringane for vassmiljøet er tilgjengelege for høyring. Du kan gi dine innspel innan 30. juni 2025.

Publisert 07.01.2025
Hvit foss ned langs fjellside med frisk grønn vegetasjon langs sidene. To personer og en hund går oppover på høyre side av bildet.
Formålet med vassforvaltningsplanen er å gi ei enkel og oversiktleg framstilling av korleis vi ønskjer å forvalte vassmiljøet og vassressursane i vassregionen i eit langsiktig perspektiv. Planen skal sikre ei heilskapleg og samordna forvalting, der alle sektorstyresmakter (statlege, regionale og kommunale) bidreg for å oppnå målet om god miljøtilstand i alt vatn. Det gjeld uansett om det er ein liten bekk, eit vatn, ein fjordarm eller som her, Drivandefossen i Breheimen. Foto: Tom Dybwad / Tom Dybwad.

Sei di meining om planprogrammet og om hovudutfordringar i vassregionen

Gjeldande vassforvaltningsplan for Vestland vassregion er for perioden 2022-2027, og denne skal oppdaterast for planperioden 2028-2033.

Både planprogram og skildring av hovudutfordringane i vassregionen er på høyring:

Innspel må sendast til fylkeskommunen

Frist for innspel til dokumenta er 30. juni 2025. Vestland fylkeskommune er vassregionstyresmakt, og innspel må sendast til dei på e-post til post@vlfk.no. Skriv "Innspel vassforvaltningsplan 2028-2033" i tittelfeltet.

Planprogrammet og hovudutfordringar i Vestland vassregion er planlagd vedteke hausten 2025.

Meir informasjon om høyringa finn du på nettsida til Vestland fylkeskommune.