Høyring av verneforslag for Ospehogen naturreservat i Stad kommune
- Høyringsfrist:
- 21. april 2025 23:59

Vi sender på høyring frivillig skogvern av Ospehogen naturreservat, vest for Hundvika, i Stad kommune. Området vart i oppstartsmeldinga omtalt som Ospehåjen. Frist for uttale er 21. april 2025.
Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke sender vi ut framlegg til frivillig skogvern av Ospehogen i Stad kommune. Vi fekk innspel om å gå bort i frå det tidlegare namnet Ospehåjen naturreservat, og legg namnet Ospehogen naturreservat som alternativ til grunn i høyringa.
Vi har, etter innspel til oppstartsmeldinga, redusert arealet i nord frå 590 dekar til 576 dekar for å tilpasse verneområdet til eksisterande kraftlinjer.
Kor er Ospehogen og kva areal ligg inne i tilbodet?
Kandidatområdet ligg langs ei fjordside i midtre Nordfjord, på vestsida av grenda Hundvika i nærleiken av Nordfjordeid, Stad kommune. Det føreslegne verneområdet er lokalisert på gards- og bruksnummer 18/1-4 og er eit sameige med fire private grunneigarar. Dei har underskrive tilbod om vern av eigedomen som naturreservat etter prosedyren om frivillig skogvern. Vi ber om høyringsinnspel for arealet som no har ein storleik på 576 dekar.
Arealet er ytterlegare redusert sidan oppstartsmeldinga. Sjå framlegg til vernekart til høgre i denne artikkelen.
Kva verneverdiar finn vi i Ospehåjen?
Området ligg i ei bratt, sørvendt liside i ein gradient frå fjorden og opp mot fjellet på nordsida av Nordfjorden i Stad kommune. Tresjiktet er rikt og varierer frå ganske storvaksne furutre iblanda bjørk, rogn , osp og selje i høgda, mens det i nedre del mot fjorden veks meir varmekrevjande treslag som hassel, alm, lind, svartor og eik. Arealet inneheld fire ulike raudlista naturtypar, tre av dei er ulike utformingar av edellauvskog (høgstaude edellauvskog, frisk rik edellauvskog og lågurtedellauvskog) og den fjerde er kalk- og lågurtfuruskog.
Daud ved finst jamt spreidd, men kontinuiteten er relativt låg. Mange store, gamle tre i kombinasjon med gode vekstforhold gjer at det truleg kjem til å bli betre tilgang på daud ved på relativt kort sikt. Større delar av arealet har rik vegetasjon, og fleire kravfulle artar er registrert. Av 12 raudlista artar er 8 nær truga (NT) og ein er sterkt truga (EN). Det er potensial for å finne fleire. For å få oversikt over registrerte artar, sjå rapporten frå skoganalyse frå oppstartsmeldinga.
Ospehogen bidreg til å fylle manglar i skogvernet knytt til høgare bonitetar, raudlista naturtypar og raudlista artar, særleg knytt til hasselkratt og delvis ospedominert skog og gamal furuskog. Området ligg dels i lågareliggjande område, og i sørboreal, boreonemoral og nemoral vegetasjonssone, som også er mangelfullt dekt i skogvernet. Kandidatområdet har høgt naturmangfald særleg knytt til kalkrik mark og edellauvskog, samt store, gamle tre av osp og rogn.
Vi har redusert arealet vi fekk tilbod på, mot fjellet i nord, og utelete kraftlinja og eit belte langs linja frå det arealet vi no legg på høyring. Arealet er redusert etter oppstartsmeldinga for å ta omsyn til det klausulerte ryddebeltet for 420 kV-linja.

Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland
Det er ei nasjonal målsetjing om redusere tapet av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med 3,3 prosent av skogen i fylket verna til no er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med eit vern av Ospehogen som naturreservat vil ein komme litt nærmare målet om å ta betre vare på sjeldne og truga artar og naturtypar i fylket.
Brukarinteresser
Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fangst, og ålmenta vil kunne nytte området til friluftsliv, plukke matsopp og bær. Eventuelle kulturminne kan bli restaurert og ivareteke i samråd med kulturminnemynde. Vi har ikkje registrert stiar i området som er brukt eller markert på kart. Området er i bruk som beiteområde for sau i dag, og det er hjort i området. Det går kraftliner både nord for og sør for verneområdet. Meir om dette er skildra i høyringsdokumentet som ligg til høgre i denne nettsaka.
Det er eit felt med gran nede ved fjorden som kan bli fjerna for å sikre verneverdiane etter vernevedtak.
Innspel og vidare prosess
Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel er vurdert, vil vi sende ei tilråding til Miljødirektoratet.
Send innspela dine med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvaltaren.no.
Du er velkommen til å sende innspel i høyringa innan 21. april 2025.
For utsendingsbrev med adresseliste, framlegg til vernekart, vernereglar og meir bakgrunnsinformasjon, sjå ramma til høgre i denne saka.
- Høyringsfrist:
- 21. april 2025 23:59
Kontaktpersonar
-
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 / 93 66 42 56 -
Henriette Bye
Tlf: 57 64 30 08