Høyring av frivillig skogvern på Hammarland i Bjørnafjorden kommune

Høyringsfrist:
4. april 2025 23:59
Eit frodig styva tre med tjukk stamme
Innanfor naturreservatet er det fleire gamle styvingstre som vitnar om bruk i lang tid tilbake. Foto: Vebjørn Enerstvedt/AT Skog.

Vi sender på høyring frivillig skogvern av Hammarland naturreservat i Bjørnafjorden kommune. Området er på om lag 500 dekar, og består av trua naturtypar av edellauvskog og regnskog, med styvingstre og fleire trua artar. Frist for uttale er 4. april 2025.

Publisert 27.01.2025

Som del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke sender vi ut framlegg til frivillig skogvern av Hammarland i Bjørnafjorden kommune.

Området utgjer om lag 500 dekar og derav 475 dekar skog og av dette igjen 314 dekar produktiv skog. Arealet består av ei bratt fjordli og såleis inngår også noko skrinne parti med berghamrar og ur.

Føremålet med dette brevet er å adressere innspel som har kome etter oppstartsmeldinga, og informere om endringar i vernet basert på desse innspela. Høyringa opnar òg for nye innspel til verneframlegget.

Verneverdiane i og rundt Hammarland naturreservat

Området ligg om lag 5 km aust for tettstaden Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune. Arealet har i hovudsak ein austleg eksposisjon og ligg på vestsida langs Gjønavatnet, og er innafor boreonemoral vegetasjonssone i sterk oseanisk seksjon. Areala er ein del av Kikedalen som er eit av 18 område i Vestland som er klassifisert som nasjonalt verdifullt kulturlandskap. Styvingsskogen i dei bratte dalsidene går attende til mellomalderen. Heile dalføret ber preg av at ein har drive med tradisjonell fôrsanking heilt fram til vår tid.

Tilbodsområdet utgjer skog av varierte kvalitetar, frå fattig bjørkeskog til svært store naturkvalitetar og styvingstre av ask i boreonemoral regnskog. I øvre parti førekjem vekselvis rike og fattige skogtypar om kvarandre, og skogen er truleg blitt beita tidlegare. I nedre parti rett ovanfor Hammarland gard finn ein styvingsli med ask. Desse er grove, med høg tettleik av tre og område vert vurdert som svært verdifullt. Lia er tidlegare registeret under naturtypekartlegginga og klassifisert som A-verdi (DN-handbok 13). Den sjeldne og sterkt trua (EN) regnskoglaven strutlav Gomphillus calycioides er konstatert på fleire av dei styva asketrea. Bleik kraterlav (VU) Gyalecta flotowii er konstatert frå før i 2001 og veks på gamle styva aske- og almetre.

skog og fjell og grå himmel
Gamle tre og eit fuktig klima gjer området viktig for trua artar av lav. Foto: Vebjørn Enerstvedt/AT Skog..

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland

Det er eit nasjonalt mål å redusere tap av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at 10 prosent av skogen i Noreg skal bli verna. Med berre tre prosent av skogen verna, er vi enno langt unna dette målet i Vestland.

Ordninga frivillig skogvern er eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Ved vernevedtak har grunneigarane akseptert det økonomiske tilbodet frå staten. 

Kva betyr det at eit område vert verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigar vil framleis ha rett til jakt, fangst og fiske der det er aktuelt og ålmenta vil framleis kunne plukke matsopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. I utkastet til verneforskrift som ligg ved dette dokumentet kan ein lese meir om vernereglane.

Det kom inn åtte innspel til oppstartsmeldinga for vernearbeidet og desse er svart ut i høyringsdokumentet.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Når innspel til denne høyringa er vurdert, vil Statsforvaltaren ta endeleg stilling i vår tilråding av vern til Miljødirektoratet.

Du kan også sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no. Vi har også ei eiga temaside om frivillig skogvern til høgre i denne nettsaka der du kan få meir generell informasjon om ordninga.

Frist for å kome med innspel er 4. april 2025

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.